Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
55 "
hadde fyre og um mannskapet på Ormen Lange: ingen
yngre enn tjuge år, so nær som Einar Eindrideson frå
Gimse, som var so glup ein boge-skyttar. Leid på, sa
Erling: «Kongen nemnde Einar Eindrideson! Eg skulde
ha hug til å helsa på den karen.» Ja, guten reis upp.
«Er det sant at ingen vinn spenna bogen din andre enn
du sjølv?» Det var kje guten budd til å svara på. «Å ja,
eg skynar du er hævare til å skjota enn til å snakka for
deg!»
Erling fortalde mykje um gardsstellet sitt: «Eg let
trælane mine få tena pengar med fristundsarbeid, so
dei på resten kan kjøpa seg frie. Det munar meir enn
um dei vert frigjevne av meg.» Kongen roste
syster-mannen sin for det: «Du fylgjer dermed kristen-manns
høgmål.»
Skalden bad kvendi syngja det gamle Balder-kvædet.
Erling gjorde då ein merknad: «Eg veit ikkje um kongen
likar eit kvæde um dei gamle æsene ? Men me finn mykje
vent og krist-sømelegt i dette kvædet, jamvel um me
ikkje lenger trur på æsene.» «Eg hev inkje imot å taka
det soleis,» svara kongen. So song dei, på ein gamal
folketone: å heve du høyrt um ein underleg draum.
Det var brjotings-tidi millom asa-tru og kristendom,
som her vart levande for elevane. Frå fyrstundes sol-gud
vart Balder umskapa etter det vikingane høyrde av britiske
kristne um Kvite-Krist: den gode guden som laut døy!
Etter bordseta hadde ungdomen viseleik, fyrst og
fremst dansa dei «Ormen Lange».
#
Fleire historiske situasjonar vart spela i dei fylgjande
åri: erkebispevalet i 1152, og blodbrudlaupet i Nidaros
år 1204.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>