- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
56

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

Eg lyt fortelja at sumargjester på hotellet ein gong
bad um å få låna noko av den historiske bunaden frå
Hordatun til ein maskerade. Mannsåker sa beint nei!
Det me hadde fyre, var ålvor, måtte ikkje misbrukast til
maskerade! Me åtte etter kvart bunader for nokre tusen

kroner. Det strauk med alt i hop i branden 1937.

*



Det kom vel med for meg at eg hadde full lærarpost
på folkehøgskulen. Fyrr prestelønene vart forbetra med
minste-løn 4500 kr. og alderstillegg, greidde eg meg ikkje
med inntektene av prestekallet.

Høgskule-arbeidet åtte heile min hug. Ein sørfjording
sa: «Anker kan ikkje tenkja seg himmelen utan der må
vera ein folkehøgskule.»

For lærarane og elevane heldt me lese-kveldar med
litteratur-lesnad og musikk på prestegarden; me hadde
då spursmåls-kasse, med svar på dei spursmåli som var
innkomne fyrre venda; mange ålvorsame spursmål kom
fram der, og me freista gjeva svar so ærleg og grundig me
kunde. Upplesingi var alle desse åri vigd åt Ibsen. Eg
tykte det var um å gjera at norsk ungdom lærde å skyna
Ibsen. Til upplesingi knytte eg tolking og rettleiding.
Eg las fleire vetrar «Brand» og «Peer Gynt», elles las eg
«De unges forbund», «Samfundets støtter», «En
folkefiende», «Kjærlighedens komedie» og «Et dukkehjem».
Det var hugnad å høyra kor elevane, mange av dei, fekk
tak i tankegangen, so dei maktast njota replikkane. Eg
minnest serleg siste akt av «En folkefiende», der kvar
replikk vart motteken med tydeleg samkjensla.

Til 100 årsdagen etter Ibsen var fødd, øvde me inn
helvti av «Kongs-emnerne», dei tvo fyrste aktene og andre
luten av 3dje akt. Me øvde inn eit kor av munkar og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0058.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free