Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
II
nonner, dei song gamle tonen til Olav-sekvensen. Martin
Mølster var Håkon Håkonson, han var som skapt til den
rolla. Leiv Meling var Skule Bårdson; han fekk godt
fram den hugsjuke tvilande hovdingen. Mikkel
Helleland gav bisp Nikolas med kosteleg komikk. Utstyr og
kulissar var heilt i stil. Og det gjekk framifrå. Mannsåker
kunde fortelja i Oslo på ioo-årsdagen: «Ein stad i heile
verdi vert Ibsen spela på heilnorsk i kveld, det er heime
på min folkehøgskule.» Me hadde fleire kveldar same
framsyning for fullt hus.
#
Mange møte og mange stemner fekk Jon Mannsåker
i stand på Hordatun.
Grenda-møti var sers hugnadsame, der bygdefolk i
mengd møtte upp fleire vender kvar vetter. Programmet
var skiftande: foredrag, musikk, taler, song, handskrive
blad, samrøda og kaffibord. Eg minnest ein kveld
Mannsåker tala um kristendom i Sørfjorden so varmt, at ein av
gjestene sa: alle må umvenda seg etter den tala.
Lærar-stemner, student-stemner, høgskule-stemner for
alle norderlandi, leidar-skeid for ungdomslagi, — alt
gjorde Hordatun til eit kultur-sentrum av rang.
Ei stemna lyt eg nemna sers, der Mannsåker fekk i
stand eit forvitnelegt ordskifte um «bonde og
fabrikk-arbeidar». Han hadde fenge stortingsmann Jakob Vik til å
tala um bonde-yrket, og ingeniør Christensen i Ålvik
til å tala um fabrikk-arbeidet. Me heldt på i fleire dagar.
Emnet var aktuelt: mange bondegutar tok arbeid på
fabrikkane. Ja bygde-industrien rekna me ikkje med,
slik som Hardanger Møbelfabrikk i Ullensvang. Det var
stor-industrien me var redde. Me beint fram gruste då
ingeniør Christensen sa at fyrste generasjon av fabrikk-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>