Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ved 900 års-jubileet på Voss i 1923 var biskop
Hognestad ein framifrå tolkar av tradisjonen og arven frå den
gamle kristendom. Han hadde sjølv den gode arven
frå ein kristen heim som levde på gamal grunn i den
ned-ervde folkekristendomen.
Sameleis var Hognestad rette mannen då dei i 1924 på
Moster høgtida 900 års-minnet um Mostra-tinget. Der
messa Hognestad på latin i den eldgamle kyrkja til å
knyta i hop den historiske tråden i norsk kyrkjesoga.
Ved minnehøgtidi i Nidaros 1930 gjorde Hognestad
tenesta, straks fyrr han vart sjuk. Dei som var med, sa
at Hognestads taler var det beste av heile jubileet.
#
Etter visitas-reglementet skulde bispane vitja skulane
og høyra på kristendoms-upplæringi. Det gjorde jamt
Hognestad på sine visitas-ferder.
Men sjølvsagt vann bispane ikkje koma ikring på
skulane., Dei la difor på prostane å gjera det arbeidet.
Eg fekk bod frå Hognestad å fara ikring i Hardanger og
Voss prostedøme. Det fall laglegt for meg av di eg hadde
Jon Mannsåker til hjelpeprest. Eg vitja fleire vender alle
folkeskulane i heile prostedømet. På Voss og i Odda
med sine by-skular var eg i kvar einaste klasse. Det
vart i alt fleire tusen skuletimar. Eg lydde på lærarane
halve timen, og tok so fat og snakka med borni. Dessutan
heldt eg barnegudstenester i alle kyrkjer, med foredrag
etterpå for foreldri. Eg heldt lærarmøte med foredrag
og ordskifte og selskaplegt samvær. Og so heldt eg
foredrag i ungdomslagi um kveldane. Det vart lange
prostevisitasar fleire veker i senn i kvart prestegjeld.
Men frå 1925 drog Staten inn alt skyss-verderlag til
prostane. Einaste var at bispen fekk løyve å ta prosten
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>