- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
67

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

67

med seg der det var korne ein ny sokneprest: den nye
mannen trong grundigare ettersyn, heittest det.
Hognestad bad meg elles vera med på eigen kostnad. Det gjorde
eg fleire vender. Det hev vist seg det var eit tap for
etter-syni med kyrkjebøkene når ikkje prosten var med. Ein
bisp hadde so mykje anna å taka vare, han vann ikkje
saumfara bøkene skikkeleg.

Nynorske preste-attestar fekk Hognestad laga. Alt
fyrste gong eg var med han, på visitas i 1918, heldt han
på med dei. Og nynorsk altarbok og nynorsk tekst-bok
kom ut, etter tiltak av Hognestad. Nynorske kyrkjebøker
gav Olaf Norli ut, etter saumfaring av Hognestad og
Støylen. Dei var gode rådsmenner for Kyrkjedeparte-

mentet dei tvo, i alle slike saker.

#

Eit stort tiltak heiter «Nynorsk salmebok».

Gustav Jensen hadde etter pålegg laga utkast til ein
ny Landstad. Endå Gustav Jensen var den beste mannen
til eit sovore arbeid, leid utkastet hans av mange lyte.
Departementet sette ei nemnd til å saumfara utkastet.
I nemndi var mål-prestane Johs. Barstad og Anders
Hovden med. Den revider a salmeboki vart godkjend til
kyrkjebruk 15. februar 1924.

Men då hadde Støylen Og Hognestad og Hovden
«Nynorsk salmebok» mesta ferdig. Ho vart godkjend
18. desember 1925, den dagen kyrkjeministeren Ivar
Tveiten fyllte 75 år.

Det viste seg snart at denne salmeboki høver best
for mesteparten av folket vårt.

f

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0069.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free