- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
69

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Vidsyn og trongsyn

Hjå eitt og same menneske kan det finnast vidsyn og
trongsyn jamsides. Hjå vidsynte sørfjordingar kan ein
møta trongsyn når det gjeld den veldige heims-rørsla
me kallar heidningmisjonen. Til orsaking hev sume skulda
på at målsmennene som bar saki fram, lite maktast gjera
det vidsynt nok. Men det strekk ikkje til.

Frå fyrstundes var Niels Koren, Johs. Aga og Johs.
Bleie med og skipa «Ullensvang Sogns Missions Forening»
15. desember 1850 på sjølvaste Ullensvang prestegard.
Dei samla inn pengar til misjonsarbeidet. Dei hadde sine
utsendingar på større misjonsmøte. Årvisst heldt dei
gudstenester i kyrkjene med ofring til misjonen. Dei
heldt fram soleis i 40 år. Kvinnelag i grendene arbeidde
og seide sitt arbeid til inntekt for misjonsselskapet. Og
dei tinga 12 eksemplar av «Norsk misjonstidende», som

dei spreidde kring i grendene. Men so dovna det av.

#

Det sa seg sjølv at Jon Mannsåker var ein varm
misjonsven. Kona hans var fødd og uppvaksi på
Madagaskar; mor hennar var syster av misjons-hovdingen
Lars Dahle. I eit foredrag på Krossvoll sa Mannsåker:
«Kan henda ein gong når Ibsens og Bjørnsons namn er

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0071.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free