Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
98
Men sjølvsagt tok han seg nær av forfylgjingi. Han
møtte mistanke jamvel på visitas-ferdene: «Det er ein
Guds straffedom at vi har fått ein ranglærar til bisp!»
Ja det var ikkje undrande at Per og Pål tenkte og tala slik,
når hovdingane gjorde det same. Det er serleg vondt
å koma i hug at uppbyggingsbladet «For Fattig og Rik»
skreiv slik um Gleditsch etter han hadde teke bispetenesta,
og soleis beint fram under-grov arbeidet hans. Freistingi
var stor for bladstyraren av uppbyggingsbladet å agitera
upp dei 50 ooo tingarane bladet hadde!
På ein visitas kom ein lærår med same åtak på sin
biskop: vi kan itt vent at folk vil gå i kyrka når vi har
ein ranglærar til bisp! Gleditsch bad han prova det.
Læråren tok då upp or lumma si ei bok med sitat av
liberale teologar, ei sitat-sprøyta heilt i smak med
sitat-sprøytene frå den politiske striden i 80- og 90-åri! Det
var ikkje godt å møta slike åtak som blanda sanning og
usanning i hop. Det heitest at Gleditsch sette seg utan å
svara den læråren; det vilde vore eit langt lereft å bleikja.
Men folk fekk det til at Gleditsch kjende seg saka. At
han altfor tidleg vart arbeids-ufør og laut slutta, tok ogso
folk for ein guds-dom!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>