- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
99

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

99

Når sitat-sprøyta kom med sovorne fråsegner av
fornektarane, laut me alle sanna: det er ei stor sorg!
og ei stor synd! slik fornekting skulde aldri høyra heime
anten ved det teologiske fakultet eller ved altar og
døype-font.

Men det ukristelege i forkjetringi kom u-sminka fram
når ho ikkje skiide millom dei som nekta og dei som
trudde!

I eit foredrag på Framnes i Kvam tala eg imot all
«umenneskeleg kristendom», og hefte meg serleg ved den
stygge forkjetringi av levande kristne. Eg nemnde at
ein harding hadde sagt til ein prest: me hev hunde-nase
me kristne! me luktar kven som er ein sann kristen og
kven som ikkje er det. Ja dei fekk tilnamnet «Herrens
hundar» (Domini canes) dominikanar-munkane i sin
inkvisisjon!

Hug til å råda yver annan-manns samvet er stor hjå
mange. Dei nyttar skræmsler, trugsmål, terror enno
i dag likeso vel som i inkvisisjons-dagane.

At unge teologar skriv seg inn ved Menighetsfakultet
for å få betre voner um prestekall, er tilgjevande. Det
skal mod til å vera teolog frå Universitetet, takk vere
agitasjonen.

Det høyrer med til dei myrke blad i norsk kyrkjesoga
at prestar frå Universitetet enno i dag vert mistenkte og
møtte med mistru.

I Haram på Sunnmøre fekk dei ein ny prest som var
kandidat frå Universitetet. Den stiftskapellanen som
hadde styrt Haram soknekall i millomtidi, kunngjorde
utnemningi frå preikestolen soleis: «Ja nu må alle troende
kristne i Haram be til Gud for den nye presten sin; han
kommer fra selve smitte-kilden for den liberale teologi.»
Det gjekk elles bra med den nye presten. Han vann

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0101.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free