- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
101

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Folkestyre i folkekyrkja

Frå kyrkjekommisjonen 1908 låg tvo lov-framlegg
ferdige, eit mindretals-framlegg til fri folkekyrkja, eit
fleirtals-framlegg tiF organisasjon av statskyrkja til topps.

Striden stod mest um vilkåri for kyrkjeleg røysterett.
Mange vilde stengja ute «uverdige», d. v. s. alle som hadde
openberre lyte i liv eller læra. Dei gløymde ordi i
berg-preiki at den som segjer til sitt medmenneske «din dåre!»
d. v. s. du er utestengd frå Gud! han er heimfallen til
strengaste straff; det er verste synd ein kan gjera.

Kyrkjeminister Løvland hogg knuten yver og fekk
sokneråd-lovi vedteki av Stortinget med uavgrensa
ål-menn røysterett for alle yver 23 år som ikkje hadde meldt
seg ut or folkekyrkja. Sokneråd-lovi var fyrste steget til
kyrkjelegt folkestyre.

Den nye lovi vart møtt med kritikk og mistru frå
misjonsfolket, sameleis frå biskop Lunde i Oslo. Dei var
redde at «verden» skulde få makti i kyrkja. Difor var dei
og redde at soknerådi skulde få for mykje makt. Dei
var serskilt redde at soknerådi skulde blanda seg inn i
det friviljuge arbeid for indre og ytre misjon.

Men samstundes budde dei seg på å taka makti i
sjølve soknerådi. Ein dubbel taktikk!

Lovi skulde gjelda frå nyår 1922. Det viste seg straks

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0103.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free