- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
102

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

102

at «verden» hadde liti interessa av sin kyrkjelege røysterett.
Det vart flestalle stader misjonsfolket som møtte og valde
medlemer av soknerådi. Difor løyste snart mistrui til
sokneråd-lovi seg upp. På eit møte i Bergen tala biskop
Lunde velviljug um lovi. Ein mann sa då: biskop Lunde
er komen til det 2dre stadium. Biskop Støylen kom so
og sa: «Eg er og på 2dre stadium, men soleis at eg aldri
hev vore på det iste!»

*



I Ullensvang og Kinsarvik vart det vedteke å velja
ti medlemer i kvart sokneråd. Med soknepresten og det
herads-valde medlem kom soknerådi våre til å telja tolv
medlemer. Det vart sagt at dermed fekk soknerådi ei
vyrdeleg stoda jamsides heradsstyre, skulestyre og
fatig-styre. Men heradsstyri var ikkje huga på å gjeva soknerådi
sjølvstendig makt. Soleis fekk ikkje formannen i
soknerådi rett til å tilvisa utbetalingar etter kyrkje-budsjettet,
slik som formennene i skulestyre og fatigstyre hadde.

I soknerådi våre vart innvalt fleire kvinner. Soknerådi
våre vart elles samansette av folk frå alle grender og av
ymse «parti».

Til formann i Kinsarvik sokneråd valde me Gunnar
Midnes. Han var soknerådformann i,mange år, til bate
for sokneråds-arbeidet. I Ullensvang vilde eg ha
med-hjelpar Per O. Måkestad til formann. Eg meinte det
var best at ikkje soknepresten var formann i soknerådet.
Folkestyre skulde me ha i kyrkja, ikkje prestestyre! Men
eg vart vald, og kunde dessverre ikkje nekta. Det viste
seg å vera uheppelegt. Når heradsstyret sa nei til vedtak
i soknerådet, heitte det jamt i det offentlege referat:
framlegg frå prost Anker vart samrøystes avslege.
Derimot når vedtaki våre vart stadfeste, heitte det «framlegg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0104.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free