- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
107

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

io7

Ved stortingsvedtak vart det skipa bispedømeråd i
alle sju bispedøme. Biskopen var sjølvskriven medlem,
tri andre vart valde ved røysting i alle soknerådi.

I 1935 gjorde soknerådi våre upptak til å få ein
prosti-prest som kunde gjera tenesta i alle prestegjeld i
proste-dømet. Kinsarvik sokneråd baud inn til eit sam-møte
på Utne for soknerådlemer frå heile Hardanger og Voss.
Dei møtte mannjamt. Møtet valde ei prostinemnd som
skulde tilsetja og løna prostipresten. Prosti-nemndi var
heilt privat. Prosten skulde vera sjølvskriven medlem,
og so fire andre valde av sammøtet. Årleg års skulde dec
haldast sovorne sam-møte til dryfting av
sokneråd-arbeidet i det heile.

Fyrste prostipresten vår heitte Jørgen Huseklepp. Han
budde på Utne, og för ikring i heile prostedømet med
preiker og foredrag. Mange vil minnast han med takk.
Han arbeidde seg godt inn hjå hardingar og vossingar.
Sumtid heldt han møte ei heil veka i same grendi. Og
møtelyden fagna han for den åndsborne forkynningi.

Men sjølvsagt kunde me ikkje løna han slik, at han
stogga. Ettermannen hans stogga endå stuttare enn

Huseklepp. Dei søkte seg snaraste andre prestekall.

#

Viktigaste uppgåva hev soknerådi i det daglege liv i
bygdi: sjå til sjuke og gamle, få bom og ungdomar til
å gjera det same, ikkje minst i avkrokane. Mange stader
er det flust med religiøse møte. Jamvel i Ullensvang og
Kinsarvik hev det hendt at utsendingar frå ymse friviljuge
organisasjonar tevla um rom. Viktigare vore det um
soknerådi fekk kveikt uppatt hus-andakt og tekst-lesing
i heimane. Å få ein flokk friviljuge kyrkjevener til å fyrebu
og syta for frammøte ved gudstenestene vore ei uppgåva

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0109.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free