- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
108

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

io8

som dei sume stader hev løyst. Ser skilt kyrkjeblad for
kvart prestegjeld ser og ut til å koma i stand. Dei bladi
hev sin viktige misjon.

#

Enno er det smått med frammøtet til soknerådvali
dei fleste stadene. Det lovar ikkje godt for folkestyre i
folkekyrkja. Det er helst ein liten klikk som styrer.

Men so lenge den kyrkjelege røysteretten er ålmenn
og uavgrensa, hev me ein ventil mot misbruk: folke
-fleirtalet kan når som helst gripa inn ved val av sokneråd.

Visstnok veit alle at eit folkefleirtal og kan taka i
miss. Men valdagen er ein rekneskapsdag til å retta det
som rangt er.

I Ullensvang og Kinsarvik hev det vist seg at
sokne-rådi eig ei romsleg syn både i kyrkjelege og nasjonale
spursmål. Sameleis i Ulvik prestegjeld. Soknerådi i desse
tvo prestegjeldi var dei einaste i heile Bjørgvin bispedøme
som ikkje røysta mot kvinnelege prestar. Ved røysting
på bisp og på bispedømeråd hev dei tvo prestegjeldi
merkt seg ut med å velja på vidsynte kristne. Det viser
at soknerådi våre verkeleg er det dei skal vera: organ
for heile kyrkjelyden. Det er kyrkjelyden som skal styra
kyrkja, ikkje ein liten klikk.

Mange andre sokneråd, ja dei aller fleste, fylgjer blindt
ordren frå hovudkvarteret. I hovudstaden sit hovdingane
for dei friviljuge organisasjonane og sender ordre landet
rundt.

Kunde berre hovdingane vida ut syn og hjartelag!
. til å iena folket og folkekyrkja! i staden for å herska!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0110.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free