- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
111

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

fritt løyve. Då han kunngjorde departements-skrivet, fekk
bygdefolket age for han: han var ikkje grei å nappast med.

So vart han ungdomsprest, målprest, stiftskapellan i
Bjørgvin bispedøme i yver tjuge år. Bjørgvin-bispen
laut finna seg i at han for ikring og preika på nynorsk.
Ikkje. ein einaste gong freista bispen å setja Haugsøen til
å styra prestekall, slik som andre stiftskapellanar skulde.

I desse åri rokk Haugsøen å fara heile landet rundt,
i alle bispedøme. All stad vart han vel motteken.

I 1929 vart han domprost i Nidaros. Han greidde
å stå der og preika heilnorsk i Nidarosdomen i åtte år.
Han vart velvyrd i Trøndelag. Trønder-presten Brage
Høyem skreiv um han i 1930 og vilde ha han til bisp i
Agder. Kor godt arbeid Haugsøen gjorde der nord, vart
tydeleg stadfest då soknerådet i ’1937 røysta på målpresten
Sigurd Fjær til prest i Nidaros-domen. So heilt hadde
Haugsøen vunne inngang med sitt norske mål. Ein siger
for Haugsøen var det og at sokneprest Peder Christensen
vart heilhuga målmann. Han hadde fare ikring på
agita-sjons-ferd for Riksmålslaget. No tok han offentleg til
ords og forsvara Haugsøen mot eit åtak for målet skuld.
Han fekk juling av Riksmålslaget for det. Og då skreiv
han seg ut, og gjekk heilt yver på heilnorsk sida. Han
vart sokneprest i Vinger etter Harald Devold. Der skreiv
han nynorsk, og tala nynorsk jamvel i radio! Og han
fekk andre målprestar til å vitja Vinger.

Haugsøen fekk røyster ved fleire bispeval, men rokk
dessverre ikkje fram.

*



I det heile var det på høg tid å få norsk-talande bispar
landet rundt. Men ikkje alle kyrkjeministrar var so
modige som Jørgen Løvland.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free