- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
112

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

112

Jon Mannsåker var eit framifrå bispe-emne. Han var
landskjend, hadde fare mykje ikring og tala, og hadde all
stad vunne tiltru for si åndsborne forkynning.
Stortingsmann var han i seks år, og var i Stortinget ein dugande
målsmann for kristentru og norskdom. Han vann vyrdnad
hjå departement og hjå framståande politikarar.

Han fekk røyster ved ymse bispe-val, men altfor fåe.
Det var kje fritt anna det kom motmæle mot Mannsåker
frå hovudkvarteret: han var «liberal»!

Jamvel då han søkte det residerande kapellan-embetet
på Voss, viste det seg han var komen på «svarte-tavla».
Soknerådet på Voss streika, vilde ikkje gjeva nokor
tilråding um søkjarane; dei var «liberale» alle i hop.
Sokneråd-lemer freista til fåfengs å få nye søkjarar av pålitande
slag. Einaste medlem av Voss sokneråd som røysta på
Mannsåker, var sokneprest Strømme. Mannsåker var
velkjend i Hardanger og Voss prostedøme for å vera ein
truande kristen. Då sokneprest Barstad høyrde av
sokne-rådlemer på Voss at dei ikkje vilde ha Mannsåker av di
han var frå Universitetet, svara Bar stad med ein logn
smil: eg er og frå Universitetet! Men ordren lydde: frå
Menighetsfakultetet må dei koma dei prestar som skal
vera rette tenarar i den norske kyrkja.

Då Mannsåker hadde halde si fyrste preik, sa ein av
misjonsfolki på Voss: «Han umvende oss alle!» Hadde
berre den umvendingi vore grundig!

Frå Trieiningskyrkja i Oslo skreiv nokre av dei
fremste misjonsfolk offentleg um ei preik dei hadde
høyrt av Mannsåker: dette var full-tonande kristendom!
Men til bisp vann han dessverre ikkje fram.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0114.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free