Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Lars Eskeland
I høgskuleheimen på Voss tok Lars Eskeland til å
halda kyrkjelege møte som varde i tri fire dagar.
Mynsteret for desse møti var dei årlege stemner i
Liselund på Sjælland.
Eskeland vilde samla kristne nordmenn på nasjonal
og frilynd kyrkjeleg grunn, til å få vidare syn for det
me eig i kyrkje og kristendom, til å knyta broderband
og skapa brorskap millom kristne som elles stod
eins-lege.
Her i landet er det ikkje so god jord for sovorne møte.
I Danmark er det sterkare kyrkjeleg samfunds-ånd.
Det var difor rimelegt at Eskeland fekk danske kristne
til talarar, serleg tvo fri-prestar, Niels Dael og Morten
Larsen. Dei bar med seg frisk luft og varmt hjartelag,
og friare syn på kristenlivet. Daels foredrag um Iseraels
profetar var ugløymande.
Av norske talarar nemner eg biskop Hognestad,
professor Taranger, rektor Olden, prestane Jon
Mannsåker og Fr. Klaveness. Eskeland sjølv tala um
«Kyrkje-tanken i Norderlandi» og um «Underet». Olden tala um
«Jesu samtid og vår tid».
Det var fire sovorne møte. Det møtte mange. Ein av
dei som fagna møti, var den nye soknepresten på Voss,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>