Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ii7
Johs. Barstad. Han skreiv varmt i «Stille Stunder» um
Eskeland og hans kristne vitnemål.
I kyrkjene rundt ikring tok Eskeland til å preika. Han
hadde trong til det, hadde mykje på hjarta. Jamvel
trongsynte kristne medgav at hans vitnemål var ekte og
fulltonande kristendom. Eskeland heldt på å få hovding-
rom millom kristne på Vestlandet.
#
Til fyrste soknerådval i januar 1922 sette sokneprest
Barstad og medhjelparane hans upp Lars Eskeland på
lista. Men i løyndom laga so indremisjonsfolk ei ny lista
der Eskeland og nokre andre var strokne. Bak ryggen på
Barstad mobilisera dei i siste liten so mange av sine
«trugne», at den lista fekk fleirtal. Eskeland kom ikkje
med.
Ved bispevisitas på Voss same vår bad Barstad
Eskeland og frua til middagsgjester sundagen saman med bisp
og prost, ingen andre. Barstad heldt bordtale for Eskeland,
og sa dei hadde vona å fenge han med i Voss sokneråd.
Eskeland svara i ei tale ved bordet: eg hadde ynskt å
vera med i soknerådet. Tydeleg var det eit vonbrot for
han. Han tok seg nær av den aksjonen.
Endå meir tok han seg nær av at nokre misjonsfolk
demonstrera mot han i kyrkja: dei hadde etla seg til
nattverdbordet, men attra seg i det då dei såg Eskeland
gjekk! Ikkje nok med at dei gjorde det, briska dei seg
med det, so dei kunde syna kor gode kristne dei var.
Tvillaust fekk sovore Eskeland til å kjenna seg framand
millom dei kristne på Voss. At dei heldt «fri nattverd»
i bedehuset og i det heile synte liti kristeleg samfundsånd,
var og ein kross for Eskeland. Samstundes tykte han
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>