Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
118
teologane våre lite greidde å hevda guddoms-underet heilt
og u-skjepla: det var ein stor kross for han at prestar
som nekta Jesu Kristi underfulle upphav og underfulle
uppstoda, fekk halda fram med prestetenesta i den norske
kyrkja.
Alt saman gjorde det sitt til å løysa Eskeland frå vår
kyrkja og til å festa syni på romarkyrkja.
Året fyrr han skilde lag med oss, sa eg til han: eg
skynar ikkje at ein nasjonal norsk kristen kan gå ut or
den norske kyrkja og inn i den romerske. «Det segjer
eg og!» sa fru Eskeland.
#
Soknerådvalet på Voss i 1922 fekk fleire syrgjelege
fylgjer.
Ein sunnfjording Holsen, som hadde styrt
soldat-heimen på Tvildemoen, hadde busett seg på Voss, og
dreiv ein trelast-fabrikk; han fekk kausjons-hjelp til det
av nokre indremisjonsfolk. Han var heilt med i
indre-misjonslaget, med i songkoret deira, tala på møti deira,
og var korrespondent til «Dagen». Det moldvarp-arbeid
indremisjonsfolk gjorde ved soknerådvalet, tykte Holsen
var ukristelegt. Han skreiv um det i «Dagen». Dermed
vart heile åtferdi ålkjend. Men då tok dei ein fæl hemn.
Holsen vart fråteken korrespondansen i «Dagen»; han vart
utvist av songkoret og boikotta på møti; kausjonistane
hans tok kausjonen sin att, so han heldt på å koma på berr
bakke. «Ja, de var noen svin med Holsen!» sa ein av
prestane med meg. Holsen skreiv til meg og fortalde
meg alt i hop.
Eg la ikkje fingrane imillom i mine bladstykke i «Gula
Tidend». På svartelista var eg fyrr, so dei venta ikkje
anna av meg.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>