- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
123

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fire prestegardar på ein gong!

Korleis eg kom til å styra fire prestegardar på ein
gong?

Jau, prestegards-lovi segjer at prestelause prestegardar
lyt prosten ta seg av.

Dei tri minimums-kali i Hardanger og Voss
proste-døme, Røldal, Vossestrand* og Evanger, stod i fleire år
utan fast prest. Det var i dei åri det var presteløysa
yver heile landet. I dei åri kunde nybakte teologiske
kandidatar velja kva prestekall dei vilde ha millom dei
mange som var fale.

Det vart so ymist med søkjarar til dei tri prestekalli.
Ein gong melde det seg ein søkjar til Vossestrand, han
var akademisk teolog frå Oslo universitet; men korkje
prost eller bisp kunde telja til å utnemna han. Det gjekk
han like eins som den namngjetne Ole Tobias Olsen:
jeg var eneste ansøker til Loppen, og fikk det dog ikke!
man skulde ikke tro det, dersom man ikke selv har
oplevet det!

Attåt umsuti for dei tri prestelause prestegardane og
min eigen prestegård i Ullensvang var eg kst. sokneprest
i Odda eit heilt år. Sokneprest Sortland var utanlands.

Kst. sokneprest i Røldal var eg i fleire år medan
amerikanske prestar gjorde vikar-tenesta der. Departe

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0125.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free