Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
135
Frå Genua gjekk ferdi til Rom.
Eg hadde løyst prima-vera-billett som galdt i seks
veker med rett til å fara att og fram gjenom heile Italia
for 30 kr. i norske pengar.
Det var full sumar sist i mars. Og eg sola meg ute
heile dagane. I Rom var eg mest på Monte Pincio med
den her lege utsyni. I kyrkjene fann eg kapell for Heilag
Olav, minnetavler på latin og nynorsk yver ein norsk
erkebisp, og yver pave Hadrian (Nicolaus Breakspear)
i sjølvaste Peters-kyr kj a ✓
På Sicilia heldt eg til i Taormina i den lauvrike hagen
til det danske pensjonatet. Der råka eg ein ung mann
som var eit heilt eventyr. Han vart funnen av utlendingar
i ruinane etter jordskjelven i Messina 1906. Foreldri
hans rømde, far hans til Palermo, mor hans til Syrakus,
det gjekk år og dag fyrr dei fann einannan att. Ein danske
i Taormina tok den tvo år gamle til seg. Då foreldri
fekk greia på dét, kom dei og gjorde krav på guten. Han
fylgde dei, men kom attende til fosterforeldri, han treivst
best hjå dei! No var han ein staut ungdom på 26 år. Han
var tolk og lærår for turistane, kunde fransk, engelsk, tysk,
russisk, forutan italiensk og dansk. Morosamaste var at
han hadde lært seg å lesa nynorsk. Han var so glad i
Olav Duun, og vilde veta meir um den norske målrørsla.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>