Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
136
og bad og snudde på «rosenkransane». Det var ei
framsyning av kyrkjemakt. For mange var det visst ei
vedkjenning av kristentrui. Um kvelden var det
påske-konsert i «Kurhaus» med musikk av Bach, Schubert,
Verdi og Wagner.
Påskedag fekk me ei nasjonal framsyning på
promenaden i Merano, med brudlaupsferd, gamaldags bunad
og folkedans.
*
Ved avreisi frå Venezia hadde eg slumpa til å få tak
i eit reklame-kort frå eit dansk pensjonat i Partenkirchen,
som lova billege billettar til pasjons-speli i Oberammergau.
Dit stemnde eg, og heldt meg der i fem veker.
I Oberammergau var eg tvo vender. Det var ei
upp-leving! Dei 5000 som såg på, var so gripne at endå-til
i middags-kvildi var det stilt ålvor og andakt yver den
store folkemugen.
#
Eg vitja München, der eg høyrde ei gudstenesta med
verkeleg salmesong av kyrkjelyden! Luthers ånd hev sett
merke jamvel i den tyske romar-kyrkja.
Yver Heidelberg, Rhinen frå Mainz til Köln, Halle
og Berlin kom eg i juni månad til eit pensjonat i Skåne,
der eg kviide godt i elleve veker.
Eg skreiv på mine livs-minne. Biskop Hognestad
hadde bede meg um det. Eg skreiv ein heil foliant ferdig,
det tok meg seks månader.
Sist i september kom eg heim yver Haukelid. Eg
hadde brukt 3000 kr. på dei 14 månadene på vidåtta,
det var billeg utferd!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0138.html