- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
138

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

138

Barstad. Eg tok vikarpost for Lars Eskeland i 1925.
Folkehøgskulen hans drog meg. Men det vart klårt for
nieg at heim og hamn hadde eg funne i Ullensvang. På
ein jolefest på Krossvoll den joli sa eg beint ut: her vil
eg døy, og her vil eg leva, her er eg heime i alder og æva.

Dermed kom tanken levande fram: å byggja meg
alderdomsheim på Ullensvang prestegard.

Tuft på Bibelhaug hadde kona mi valt seg. På
60-års-dagen min i 1927 sende eg søknad til Kyrkjedepartementet
um feste på 99 år av 3 dekar. Den same dagen fekk eg
sjå so mange prov på godvilje hjå bygdefolket at eg vart
varm um hjarta. Same våren planta eg frukt-tre og
bærbusker på parsellen. Teikning til hus laga arkitekt Leif
Grung; han heldt på eit heilt år, kom med eine framlegget
etter hitt. Tanken var fyrst eit hus på 12 m X 8 m. Men
det auka på, for di kona mi vilde ha alle våre eigne rom
i same høgd. So vart det 15 m x 10 m, med tvo husvære.
Me nemnde alderdomsheimen vår «Breidablik» etter
for-eldre-heimen min.

Ein byggmeister talde meg til å leggja i veg og byggja
straks. Eg vilde vinna på det, no prisane på alt vyrke
var so låge. Eg tok til med å grava ut hus-tufti: Til å
køyra upp bygnings-vyrke hadde eg dugnad i tvo dagar.
Tri år tok det å få huset ferdigt. Det kom på 30 000 kr.
Pantobligasjonar på 21 000 kr., ein livspolise på 6000 kr.,
og gode inntekter av prestegarden greidde kostnaden.
I 1932 stod heimen ferdig. Eg fekk feste på 99 år for
60 kr. året, billeg leiga til takk for mine utlegg på
Ullensvang prestegard.

#

Alt i 1930 tok eg til å tenkja på kapellan. Eg vona
han kunde få lærarpost på folkehøgskulen attåt. Då laut

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0140.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free