- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
139

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

139

han vera lærår i song og gymnastikk, sa Skodvin. Eg
hadde nokre tilbod. Kandidatane skreiv dei kunde greia
gymnastikken, men ikkje songen! Kanhenda var det bra
eg slapp å ha ein kapellan å syta for. Det vilde vore
pinlegt å ikkje kunna løna han skikkeleg.

I 1934 fekk eg fri nokre månader, med stiftskapellan
til vikar. Seinare fekk eg god hjelp av prostipresten og

av misjonsprestar som vitja Ullensvang kvart året.

«

Då soknepresten i Kvam tok avskil i 1930, viste det
seg at han fekk mindre pensjon enn tenkt. Han hadde
nokre år fyre skrive og spurt departementet kor stor
pensjon han vilde få. Eg skreiv på at her er fleire prestar
som gjerne vil veta det. Inkje svar! No kvakk eg. Eg
skifte brev med ein kjenning i Statens Pensjonskasse, og
fekk eit syrgjelegt svar. Eg som var meint å få
maksimum-pensjon, laut nøgjast med mykje mindre. Det var
departementet som avgjorde pensjonsgrunnlaget for kvart embete,
og departementet hadde sett innkomene av Ullensvang
soknekall til 6000 kr. året. Eg søkte då til departementet
å få pensjonsgrunnlaget lyft upp til maksimum. Med
inntektene av prestegarden var det ikkje for mykje å
rekna embets-innkomene til 8000 kr.; når so alderstillegget
2700 kr. kom med, rokk eg yver maksimums-grensa.
Men nei! Etter mykje bal fekk eg endeleg dei 6000 lyft
upp til 7000 kr. året. Eg betala inn ein heil sum til
Pensjonskassa for ei rekkja av år. Det gjorde eg gjerne.
Men eg tykte ein tenestemann med 47 år ansiennitet

burde fenge maksimumpensjon.

*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0141.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free