Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arbeidet - Bondesamfundets utviklingsformer
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Bondesamfundets utviklingsformer 119
Dr. Asgaut
Steinnes’s ut-
redning av
Instituttets
opgaver på
dette område.
Til belysning av de planer Instituttet har lagt for
sitt arbeid på dette område hitsettes det vesentligste av
en utredning, Dr. Asgaut Steinnes i januar 1931 på
Instituttets anmodning har forfattet til bruk for det ut
valg som leder arbeidet:
«Arbeidet er kalla «sammenlignende undersøkelser
over bondesamfundets utviklingsformer». Programmet
ligg i namnet. Etter som eg hev skyna det, er det tan
ken at etterrøkjingane i vidaste meining på kvart ein
skilt umråde skal femna um heile framvoksteren frå dei
eldste tidene til i dag. Det som interesserar mest, er
kanskje helst tilhøvi i eldre tid, voksteren frå dei mest
primitive formene til dei meir samansette. Men me lyt
her som i onnor gransking gå frå det kjende til det
ukjende, gå ut frå tilhøvi i notidi og etter kvart arbeida
oss lenger attyver. Og i røyndi hev kvart einskilt steg
i framvoksteren like mykje krav på interessa. Nettupp
for dei analogislutningane som er ein viktig lekk i den
samanliknande metoden, er det um å gjera at ein hev
so god yversyn som mogeleg yver den einskilde vokster
lina, at ein på so mange punkt av lina som mogeleg
kjenner og skynar både dei moment som fører nyskaping
med seg, dei som konserverar og dei som fører til upp
løysing. Analysen må gå fyre syntesen.
Instituttet hev fyrebils avgrensa uppgåva til saman
liknande etterrøkjingar um sæterbruket. Det vil då verta
naudsynleg å fylgja sæterbruket på ymse stader gjenom
hele den tidbolken som det hev vore til i. Her som elles
lyt me gå den bakvende vegen, taka til i notidi og ar
beida oss attyver mot upphavet.
Soleis som denne serlege uppgåva låg til, kunde Insti
tuttet ikkje greida seg med tilfang som i fyrevegen var
tilgjengeleg. Det laut i stor mun samla inn tilfanget sjølv.
Og då melde seg med ein gong spursmålet um korleis
innsamlingsarbeidet på beste måte skulde verta sett i verk.
So lenge arbeidet var nytt, var det ingi onnor råd
enn å prøva seg fram. Ein kunde ikkje i fyrevegen vita
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>