- Project Runeberg -  Johan Sebastian Welhaven /
6

(1909) [MARC] Author: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

stova i byen. Ja, han hadde daa teatret,
Nationalteatret“ var alt daa det byrge namnet. Det var
eit fillehus, som laag i Teatergata no er. — Til
ljos i salen hadde dei ein feittoljelampe, som det
stødt dryp av, so tilskodarane rett som det er, er
ute i bladi og klagar yver, at dei fær klædi sine
utskjemde i dette kunsttemplet; det dreg fraa golv
og tak og gjenom veggjer, ein innsendar i
„Morgenbladet11 er so smaanøgd, han bed dei vil leggja
langhalm paa golvet, so tilskodarane kann kjenna
noko livd. Og det som dei ytte paa hi sida av
lamperadi høvde godt til den fatigslege ytersida.
Stvraren, Peter Strømberg, var ein kringrekande
svenske, som hadde freista paa noko av kvart —
tobaksspinning og danseskule —; og skodespelarane
kunde korkje Tøra seg eller tala, so folk skyna dei.

Det stod ikkje betre til med bilætkunsti enn
med skodespelkunsti. Me hev ei lista fraa det
fyrste kunstsjaaet i Kristiania (1818), — det linst
yver 100 nr., men dei aller fleste er krotsaum av
jomfru den og den, — eller teikningar av kadettar.
Der var ikkje til aa liva for kunstnarar i Norig
den tidi. Dahl drog ut og vart ein vidgjeten mann,
bilæthoggar Michelsen freista halda seg heime, men
gjekk under av „lufttomt rom “, som Jonas Lie ein
stad kallar det.

Og soleis var det alle stader, — i tonelivét, i
boklivet, — og trass i „den vidgjetne professor
Hansten“ — lenge ög i vitskapen.

Ein skulde ha venta, at denne armodi paa alle
kantar hadde mana til noko smaalæte, at ein og
annan hadde peika paa, at det var ikkje alt heilt
upp glimande her heime, — at det kann henda
fanst ein og annan umkverv, der det kunde
tren-gast ei umbot, um raad var.

Men det ser me lite til. Tek ein fyre seg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 20:42:45 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/jswelhaven/0008.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free