Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
„Nationalbladet14, „Morgenbladet", „Patrioten",
„Pa-trouillen“, „Folkebladet" og noko seinare
„Statsborgeren “ — so skal ein blada lenge, fyrr ein kjem
til noko slag kritik eller misnøgje med det
heimlege kulturtilstand. Tvertimot — det linst ikkje
maken til Norig, det friaste land i verdi, — og
ikkje maken til nordmennerne, det gjævaste folk i
verdi. Me treng ikkje andre, me lagar vaart
vad-maal av vaar eigi ull, gamalost av vaar eigi mjølk,
brennevin av vaart eige korn, bvrgskap av vaare
eigne forfedrar sine storverk, — kom ikkje her
me er hugstore og sannferdelege og ærlege og djupe
og endeframme og djerve, — og attpaa „bramfrie".
Det gjeng igjenom bladi i tjugeaari og trettiaari
ein straum av sjølvkjensla og skryt, som vert
løgleg beint imot all stakarsdomen kring um.
Daa Welhaven i 1825 kom til Kristiania, kom
han ikkje heilt utan fyresetningar. Han var no
for det fyrste bergensar, og Bergen var den tidi
likso stor som Kristiania og vilde gjerne mæla seg
med hovudstaden i alle ting. W. Konow lortel i
„Breve“, at naar ein bergensar fann ei loppa paa
seg, var den fyrste tanken hans aa faa greida paa.
at denne loppa var større, meir blodl’yllt og i alle
maatar ypparlegare enn dei lopporne, som vart fanga
i Kristiania. Welhaven var soleis alt som fødd
bergensar ikkje i lag til aa lata seg aga av
hovudstaden. Og dinæst — han hadde alt motteke
faste inntrykk, — spirorne til eit livssyn, som
hadde vanskeleg for aa trivast i Norigs ferske
ho-vudstad. Paa skulen hadde han vore lat,
uskik-keleg og grov; karakterboki hans, som dei enno
gøymer paa Bergens katedralskule, er eit sant jam-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>