Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
mersminne; men midt i vesaldomen lyser den
,,pry-delege“ handskrifti til Lyder Sagen. Han er alltid
velnøgd med den gløgge Bastian. Og det var so fraa
baae sidorne. Welhaven var ogso velnøgd med Sagen;
i hans timar lydde han aat, og dei norske stilarne
sine skreiv han so „nydeleg, tydeleg og prydeleg“,
som læråren kravde av han. Lyder Sagen snudde
skilleg augo til guten mot sud — mot Danmark
— og enno lenger mot sud — til Tyskland. Han
lærde han aa sjaa upp til Baggesen og
Oehlen-schläger, — og Schiller og Jean Paul, — han lærde
han aa sjaa paa kunst og dikting som ein
heilag-dom, — det vigtugaste av alle livsverd, — det
største og det høgaste.
Og endeleg Welhaven hadde alt sjølv synt
givnad — ikkje som diktar, men som maalar.
Sagen hadde vorte var nokre teikningar, han hadde
rabla ned paa skulen, — han hadde gjenge til
faren og tala paa det. Men faren vilde ikkje høvra
um kunstnarplanar, Johan skulde verta prest. Det
var difor med svikne kunstnardraumar, han drog
heimanfraa.
Welhaven sin aandsvokster i dei fyrste
stu-dentaari kjenner me lite til. Det er likt til, at han
hev vore ein lat student; etter ein ring artium
gjorde han det underverk, at han fekk non til
philosophicum, og det var berre med halv hug han
lagde seg etter det teologiske embætsstudiet Han
kjende seg heimlaus millom dei, han var saman
med, lengta etter heimefolket, etter den vestlandske
naturi, etter menneskje; han hadde vandt for aa
koma i lag med framande, og lufti og tonen i
Kristiania lika han ikkje. Han drog daa ogso
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>