- Project Runeberg -  Johan Sebastian Welhaven /
20

(1909) [MARC] Author: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kelege menneskje — dei spitelske; — for 100 aar
sidan var der mange fleire av deim enn no, og
sjukdomen hadde endaa fælslegare former. No hadde
ein innsendar fyrr talt til, at desse ulukkelege
skulde gaa med slør fyre andlitet, so dei ikkje
skulde plaaga borgarane med dette stygge synet.
Det vesle stykket til Welhaven er eit motmæle til
dette forslaget; det er som sagt ikkje meir enn 10
linor; men desse linorne hev meir røynleg kjensla
enn alle preikorne, talarne og versi hans tilsaman;
fraa den stillferdige harmen i dei einfelde ordi løyser
det seg ut ein varm pust av menneskjelegt
mjuk-lynde, som gjer, at ein for alltid vert glad i den
gamle sjukhuspresten. Denne tokken av den sterkt
sermerkte kjenslerikdomen til gamle Welhaven vert
mykje sterkare, naar ein les dei minne um han,
som dotterdotteri hans, Anna Winge, nyleg hev
gjeve ut; me fær her eit livande bilæte av den
varme kjærleik, han tok seg av dei spitelske
sokne-borni sine med; han nøgde seg ikkje med aa sjaa
til deim og gjeva deim religionen si trøyst, men •
han gledde deim ogso, med di han bad deim
saman til festlegt lag i heimen sin, og i desse høve
nøydde han borni sine til aa sitja til bords med
deim og vera elskverduge mot deim ; dei fekk ikkje
lov til aa gjeva etter for den ukjærlege fælska, som
barnesansarne sjølvsagt fekk, naar dei saag dei
ulukkelege. Ogso mange andre vitnemaal um det
varme hjartelaget til presten Welhaven fortel Anna
Winge um.

Hjaa Joh. S. Welhaven hadde faren og mori
sitt lynde para seg; men det djupaste, det positive
i hugen hans var dei eigenskapar, som svara mest
til faren sitt lynde.

Det var tilhøvi, som hadde gjort Welhaven til
spottekvedar, — alt det han saag ikring seg, saag

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 20:42:45 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/jswelhaven/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free