Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
han som hindring for det han elska, og difor fekk
stridsevnorne hans for mykje næring i ungdomen;
men den diktande, skapande trong sjukna burt av
skort paa sol og medgang; han lagar seg under
striden eit skal til verja mot kulden og aataki fraa
utanverdi, og det er herre med vak varsemd, han
rettar ut veidehorni sine for det inste og djupaste
i seg sjølv. Men di meir me granskar Welhaven,
di meir kjem me til det, at denne strame
stridsmannen, som alltid freista aa gjeva sjæleinnhaldet
sitt i kalde, aalgjengde former, i grunnen er ein
av dei mest sjølvhuga diktarane, me hev havt, og
at huglyndet hans er mest sermerkt ved ein sterk
kjenslerikdom, som stundom vert burtimot
kløkk-sam.
Dette syner seg alt klaart nok i den boki, som
kom etter ..Norges Dæmring11 — Dikte 1839.
Vistnok gjeng her enno dynningar etter stormen, —
det finst nokre stridsdikt, der fienden i grunnen
er det same trollet som han hadde svore
undergang i den fyrste ungdoms-upplogingi; men desse
dikti er baade faa og hev fenge ein kunstham,
som løyner aataket og dreg det ut or dagsens strid.
Og kjenningi av diktsamlingi i det heile er
reint eit anna, — uventa for samtidi; her var berre
faa far etter „fedrelandsforraadaren“ og
„moder-mordaren“, — krigaren hev kasta rustningi, og
fram stig ein stillfarande, kløkkjen drøvmar.
1 striden mot Wergeland hadde Welhaven
ein-gong møtt denne eldsprutaren med den borgarlege
raadi, at han burde verta ein logn eld. Raadi er no
for oss løglcg og helst ein vitnesburd um
Welha-vens smaaskorne trongsyn; men for han var det
sermerkt nok; for den eld, som brenn i hans
dikting, — det var nettupp den logne elden, eller som
han ein annan stad segjer i eit litegrand upp-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>