- Project Runeberg -  Kva krev vaar tid av ungdomen? /
9

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

der i byen som fekk heile upplaupet i stand, fekk folk i
tusenvis til aa standa der paa gatone og skrika i tvo timar; og „dei
fleste visste ikkje kva dei skreik for"; men skreik gjorde dei.
Me kjenner ulli!

Haldt deg for god til slikt, ungdom! Lat ikkje skriket
raa med deg. Tenk sjølv. Du kann koma til aa gjera so
uendeleg stor synd me di du skrik med der andre skrik fyre.
For: det er jamnaste dei beste som fær skriket imot seg.

Eg gløymer ikkje so lenge eg liver daa eg lærde kjenna
personleg ein av hovdingane her i landet. Folk hadde snakka
vondt um han, leivde han ikkje æra for tvo skilling. Avisone
skamskjelte han: eg trur ingen nordmann hev vore verre
skam-skjelt enn han, (og det segjer ikkje so lite det): det var
statsminister Steen. Daa eg so lærde kjenna han personleg, daa eg
fekk sjaa for ein staut kristen karakter han var: kor han aldri
søkte sin eigen bate, alltid det som var til bate for folket, —
daa eg saag kor dei gode dagane hadde ikkje skjemt han ut,
og dei vonde dagane hadde ikkje gjort han beisk: han tolde
ikkje ein gong at dei snakka vondt um motmennene hans, —
daa sa eg med meg sjølv: slik er den mannen dei hev fare so
ille med, so nobel er han, so heilstøypt! Etter den dagen
segjer eg jamt naar eg ser nokon av hovdingane vaare vert ille
medfaren, — um eg ikkje kjenner han, so segjer eg: det
maa ve ra ein bra mann. Eg trur ikkje det vore or vegen
um ungdomen kom til aa standa fritt paa liknande maate, so hart
kann subtrahera skikkeleg naar han les i avisone.

Og det trengst daa visst no um dagen, no alt gjeng med
damp og elektrisitet. Tankane og uppgaavone strøymer paa
som ein foss: det som var radikalt i gaar, det er konservativt
i dag! Ja menn lyt du vera vaken, gut, vil du vera med.

Det er serleg tvo uppgaavor eg meiner det tjugande
aar-hundradet vil ha løyst. Den eine formår eg slik: faa ende
p aa f at igd omen! Den andre : f aa en d e paa heidendomen!
Dei tvo uppgaavone er fødde av same mor; det er brortanken
som ropar til oss med Guds eigi røyst: du som hev det godt,
— gløym ikkje deim som hev det vondt.

I vaar tid kann me ikkje slaa ring ikring oss og segja:
utanfor den ringen hev ikkje eg noko med det. Du hev med
alt som hender paa jordi! Me heng ihop alle menneskje.
Slik samferdsel me hev no, hev dei paa hi sida jordi korne like
inn paa stove-døri vaar. Det hender noko i Sud-Amerika eine
dagen, den andre kann me svi for det her uppe; me hev
sagte med det!

Det koka r ute i folkedjupi: „De rike, Lasarus vaknar
ein dag. Og naar Lasarus vaknar, daa nøgjer han seg ikkje

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 13:21:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/krevavungd/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free