- Project Runeberg -  Kva krev vaar tid av ungdomen? /
10

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 10 —

Tired smulane som dett fraa rikmanns bord; daa vil han sjølv
vera med og sitja til bords". Mange gruvar ved tanken paa
dette, at dei kjem marserande i takt (dei kann passa takten
dei karane), kjem i hundrad-tusen fast takt og krev vera med.
Det er krefter i gjerde her som ikkje er aa spøkja med.

Like vel meiner eg det er berre barneleik det som gjeng
fyre seg i dei gamle samfund i Europa og Amerika — mot
naar Afrika og Asia kjem med. „Den gule faaren" hev de
høyrt gjete: fire hundrad millionar kineserar pius tri fire hundrad
andre millionar asiatar, -— kann dei læra halda takt, so lyt nok
baade Amerika og Europa skjelva i knei.

Det er ikkje morosamt aa tenkja paa um dei derute vaknar
til hemn, — til hemn for alle dei syndene kolonial-politiken
hev paa samvitet. Dei kvite folkeslagi hev ført ulukkor yver
folki i Asia og Afrika: brennevin, opium, sjukdomar, trældom.
De veit England førde jamvel krig med Kina og tvinga deim
til aa føra inn opium. Det er himmelropande syndar dette.
Og hemnens dag kjem nærare for kvart aaret, det kann
rae ikkje dylja.

Ikkje betre enn eg skynar, er det ein einaste maate aa
mota den gule faaren. Det er det me kallar
heid-n i ngmissj onen.

Det er trongsyn naar mange nordmenn ser ned paa
heid-ningmissjonen. Her bid ikkje større aands-strid i vaare dagar
enn den som gjeng fyre seg ute paa missjons-markene: der
mammons-tenarane og missjonærane renner um kapp, kven fyrst
kann faa tak i dei gule og dei svarte rnedmenneskji vaare.

Kva er det mammons-tenarane vil ? Dei vil nytta deim ut
til vinning, „spinna gull av mannablod". Kva vyrder dei um
dei trakkar paa nokre hundrad tusen ? eller um dei tyner
eit heilt folk?

Kva er det missjonærane vil ? Dei vil lyfta deim upp
jamsides med oss sjølve, so dei skal kjenna seg barn av same Far
i himmelen, med same barneretten, med same retten til all
livsens rikdom.

Skynar de no grunnen til at mammons-tenarane derute er
sinna paa missjonærane?

Veit de kva han sa den franske guvernøren paa
Madagaskar nokre aar sidan ? Han var sinna paa missjonærane vaare
av di dei lærde madagassane aa tenkja. „Me hev ikkje bruk
for tenkjande madagassar," sa han. Det han hadde bruk for
var arbeids-dyr, trælår. Og han skyna at naar folk hev lært
tenkja, d. v. s. lært kjenna sin menneskjerett, — daa let dei seg
ikkje bruka til arbeids-dyr.

Men me frie norske menner og kvinnor, me skal daa ha

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 13:21:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/krevavungd/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free