- Project Runeberg -  Kva krev vaar tid av ungdomen? /
11

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 11 —

vit paa det store arbeidet missjonærane vaare gjer med di dei
lærer eit heilt folk aa tenkja.

Eg vil so gjerne at den norske ungdomen skal vera byrg av
dei norske missjonærane. Mange av dei hev gjort fagna-verk
som i alle maatar stend jamhøge med storverki aat Fridtjov
Nansen og Roald Amundsen.

Kann no Asia-folki faa vestens kultur paa kristen grunn
og i kristen aand, so dei vil bruka dei rike evnone sine til aa
tena Guds rike paa jordi, — ja daa kann den gule faaren
verta umsnudd til velsigning.

Nett no er det dette gjeld. Nett no er alle dører
opne. Nett no um dagen ser det ut som dei hev snutt ryggen
til den gamle tidi og stend ferdige aa ganga inn i ei ny tid,
dei fleste folki derute. Korleis den nye tidi skal verta, det stend
til oss kristne. Forsømer me den laglege tidi no, (um ein
manns-alder er det truleg for seint), forsømer me den
laglege tidi no, — so kjem me fulla til aa svi for det, baade
me og borni vaare; me hev sagte med det!

Her bid ikkje større arbeid uppe no for tidi enn
h eid n i ngmissjonen : der det gjeld berga framtidi aat
heile manna -ætti.

Men so lyt me ogso reinska dei gamle kristen-samfundi
vaare her heime. Og det skikkeleg og.

So ikkje dei derute skal segja nei takk til kristendomen
me byd deim- Kristendom og opium ? Kristendom og
brennevin ? Kristendom og trældom? Nei takk!

Her er endelaust med nakne flekkjer her heime som skrik
imot oss at me skal klæ deim. Det vil ikkje segja at me skal
sy soveputor under armane paa folk. Tvert um: det vil segja
at alle skal verta sj ølvh j elpne.

Det fyrste me lyt gjera, skal me faa ende paa fatigdomen,

— det er: burt med rusdrykken. Ingen skapar meir fatigdom
enn rusdrykken. Og den kann me so lett verta kvitt, berre
me sjølve vil.

Noko anna me lyt gjera, skal me faa ende paa fatigdomen,

— det er: burt med fatigkassa! Ho skapar og mykje fatigdom.

Elles er det ikkje snart aa peika paa alle dei nakne fle
k-kjene. Og endaa minder snart aa peika paa boteraadi mot
deim alle. Men vaar tid krev av ungdomen at han
skal gjeva seg i kast med desse uppgaavone. Og daa heitest
det for eit gamalt ord: den som leitar han finn. Kann me
faa det hj arte laget og det frisynet inn i ungdomen, at
han vil leita etter løysing paa dei sociale flokane, — so skal
de sjaa det munar.

Men rædd maa ikkje den ungdomen vera. Han kjem i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 13:21:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/krevavungd/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free