Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Oluf Kolsrud, Blodbadet i Stockholm aar 1520
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
blodbadet i stockholm aar i52o
i77
Magnus fortel sjølv, i eit brev til biskop Heinrich Bockholt i Lübeck
15271, at so snart ryktet um blodbadet i Stockholm naadde honom,
sendte han paa eigen kostnad bod til Sverige for aa faa vita sanningi
um det som var hendt, og so snart bodet var kome tilbake, gjekk
han til pave Leo X og fleire av kardinalane — som han etter sitt
tidlegare offentlege umbod hadde lett tilgjenge til — og fortalde deim
korleis det var gaatt til, klaga over »den uverdige misgjerning», og
ynskte »straff over fienden aat det kristne prestedøme». Det kunde
tenkjast, at den melding Johannes Magnus fekk fraa Sverige, skreiv
seg fraa hans broder Olaus Magnus, domprost i Strängnäs, som
var augevitne til blodbadet.2 Det er tydelegt nok av form og
inn-hald i protokollasjonen, at kardinalen hev havt fyre seg ein skriftleg
relasjon fraa ein brevskrivar som fortel i iste person um det han
visste. Men meldingi kann likevel ikkje skriva seg fraa Olaus Magnus.
Meldaren segjer at han hev høyrt — »ut mihi dicebatur», »audiui»
— men ikkje at han hev sét.
Ein detalj fører paa sporet: talet paa dei drepne i blodbadet. I
denne relasjonen vert det uppgjeve til 99. Olaus Magnus segjer3
det var 94. Andre hev andre tal. Men talet 99 finst i den lübeckske
krønika, som presten Reimar Kock i Lübeck författa i
1530—40—50-aari. Og ser me nøgjare til, finn me igjen dei fleste detaljar i
relasjonen fraa 1521 hos Reimar Kock, og her til dels i utførlegare
saman-heng. Det einaste punktet han ikkje nemner — men som me
kjen-ner fraa andre samtidige meldingar, t. d. Olaus Petri" — er kongens
lovnad paa sakramentet um at alle kunde vera trygge.
Episoden med kongen som drikk gjestene til med St. Johannes
døyparens skaal, vert ogso fortald av Reimar Kock6, og her i
samband med erkebiskop Gustav Trolles klaga og bøn um rett over sine
og kongens motstandarar, som Kock daterar til siste
gjestebods-dagen, tysdag 6. november. Ordi aat kongen er vendt til gjestene:
1 Archiv für Staats- und Kirchengeschichte der Herzogthümer Schleswig,
Holstein, Lauenburg, IV, Altona 1840, s. 510. = Handlingar till Sverges
reformations- och kyrkohistoria under konung Gustaf I, [utg. af P. E. Thyselius],
I. i, Sth. 1841, bihang, s. 19. —■ Jfr Scriptores Rerum Svecicarum, III. 2, s. 74—5.
2 SRS III. i, s. 77.
3 SRS III. i, s. 77.
J SRS III. i, s, 272.
6 Olai Petri Svenska krönika, utg. af G. E. Klemming, Sth. 1860, s. 327.
c SRS III. i, s. 271.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>