Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Oluf Kolsrud, Blodbadet i Stockholm aar 1520
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
198 oluf kolsrud
Me fester oss serleg ved tvo, for di dei kann tena til aa karakterisera
Christiern.
— Episoden med St. Johannes’s skaal, kva historisk verde hev den?
Aa drikka Johannisminne var ein skikk som framfor alt høyrer
heime paa tysk umraade.1 Der var tvo heilage av namnet Johannes
aa heidra med denne drykken. Til æra for Johannes evangelisten
vart Johannes-vinen velsigna av kyrkja med vigsleformularar,
som gav vinen kraft imot gift og imot allslag skade av mat og drykk
og vern imot alt vondt fraa dæmonane, imot faare paa reisor, imot
ville dyr.2 Men til Johannes døyparen hev kyrkja aldri vigt vinen;
minnedrykken for honom var ein profan skikk, og hadde ikkje
apotropeisk, men prognostisk verknad. Fraa Italia fortel S.
Antoninus av Firenze, at Johannes-vinen vart drukken paa fødselsdagen
aat døyparen for aa utforska framtidi.3 Reimar Kock kallar skaali
berre »S. Johannes segen», men den romerske relasjon legg kongen
desse ordi i munnen: »Propino vobis calicem Sti Johannis baptiste.»
I situasjonen fær gjestene dermed eit varsel ved lagnaden aat
døyparen; han vart halshoggen i fengslet etter kong Herodes’s bod.4
Difor ligg det nær aa forstaa episoden med sin uhuglege symbolikk
som ei dramatisk etterpaatolking av fyrehistoria til blodbadet. —
Og likevel spør ein seg sjølv: kann ikkje slikt noko hava hendt?
Me hugsar paa det som er fortalt i relasjonen fraa dei tri
Uppsala-kannikane, at daa alle dei innbodne var komne inn paa Stockholms
slott dagen etter kroningsgildet, daa lét kongen portane til slottet
læsa, noko dei förundra seg mykje over.5 Men i den store salen bak
dei stengde slottsportane förundrar det oss ikkje aa sjaa kongen,
etter aa ha høyrt klaga fraa Gustav Trolle, lyfta »ein stor kalk»
■— kanskje det var den same som Stockholms stad hadde sendt
honom i kroningsgaava6 — og drikka erkebiskopen og sine eigne uvener
blandt gjestene til med St. Johannes døyparens skaal.7
— Episoden med Sten Stures kvinnelege slektning, som refsa
1 Adolph Franz, Die kirchlichen Benediktionen im Mittelalter, I, Freiburg
i. B. 1909, s. 286—334. 2 s. 329. 3 s. 296—7. 327.
4 Ev. Matth. XIII, 3—ii. Jfr C. Annerstedts merknad Si?S III. 1, s. 271 k.
5 Hist. Tidskrift 1918, s. 118.
6 Allen III. 1, s. 312: eit förgyllt drikkekar av sylv, som vog 345 lodd og
var utarbeidt med stor kunst.
7 Sveriges riksraad var av den meining, at kongen bar paa vonde planar
alt under kroningsgildet, sjaa Strängnäs-brevet juni 1523 (Gustaf I’s Registra-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>