Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Oluf Kolsrud, Blodbadet i Stockholm aar 1520
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
i78
oluf kolsrud
serar Arcimboldus for hans »tusund unyttige streker»1, uttalar ingen
personleg dom um blodbadet i Stockholm og segjer ingen ting um
kva inntrykk kong Christierns framferd hadde gjort i politiske eller
kyrkjelege krinsar i Tyskland.
»Köngen av Danmark hev drege inn i provinsen Sverige, som han
tok for eit aar sidan, og hev innbode 83 personår, deriblandt tvo
biskopar, til eit gjestebod i Stockholm. Köngen hadde 2000 vel væpna
landsknektar, og etter at Hans Majestæt hadde ete, lét han alle taka
til fange og halshogga um natti og sidan kasta liki paa ein eld, ja han
lét liket til ein herførar [Sten Sture], som alt var død for 6
maana-der sidan [3. februar 1520], og som hadde staatt imot kongen daa han
tok landet, riva ut or gravi og kasta paa elden med dei andre.»
Den 18. april 1521 vart Raphael de Medicis sendt av keisar Karl V
til Rom i ærendet um allianse med påven2; kong Christierns sak hev
denne sendemannen ikkje faatt noko aa gjera med.
— Men kort etter vart spursmaalet um Christiern II’s absolusjon
teke upp av den ekstraordinære pavelege nuntius hjaa keisaren
Hieronymus Aleander, apostolisk protonotarius og bibliotekar, i hans
depesje fraa riksdagen i Worms 29. april 1521 til visekanslaren Julius
de Medicis.
Det er ikkje aa undrast over, at i den sterkt spente kyrkjepolitiske
situasjon under og etter riksdagen i Worms kom Christierns stilling
til Rom etter brotet med Arcimboldus og blodbadet i Stockholm til
aa verta set i samanheng med hans stöda til den lutherske
reforma-sjons-rørsla i Tyskland. -—• Det var um hausten 1520, at Christiern
innleidde samband med Wittenberg, sannsynlegvis gjenom sin tyske
sekretær Stephan Hopfensteiner, som i oktober vart sendt i kongens
ærend til Tyskland.3 I desember 1520 kom presten Martin Reinhart
fraa studium i Wittenberg til Kjøpenhamn, »etter paalegg av kongen»,
han vart innskriven ved det teologiske fakultet og [seinare] tilsett
som kongeleg kapellan.4
Daa Christiern II i februar 1521 vendte tilbake fraa kroningsferdi
1 Balan, s. 52: »mille poltronerie».
2 Paul Kalkoff, Die Depeschen des Nuntius Aleander vom Wormser
Reichstage 1521, übersetzt und erläutert, 2. Aufl., Halle a. S. 1897, s. 90, n.i.
3 J. Oskar Andersen, Överfor Kirkebruddet, den forste lutherske
Be-vægelse [i Danmark] og Christiern II’s Forhold dertil, Kbh. 1917, s. 82, n. 2.
4 Andersen, s. 78—83.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>