- Project Runeberg -  Kyrkohistorisk Årsskrift / Fyrtionde årgången, 1940 /
194

(1900)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Oluf Kolsrud, Blodbadet i Stockholm aar 1520

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i78

oluf kolsrud

»Um han no skulde koma til aa søkja absolusjon i Rom, vilde det
nok ikkje vera so ille aa refsa ein slik konge, og det kvasst, men
ikkje vera alt for atterhalden med absolusjonen, for at han ikkje,
i trass eller i ørvæna, skal gjeva seg heilt inn paa denne avstyggjelege
Luther-vegen, som tilstyrker honom til aa myrda prestane, —
enn-daa miskunnslausare enn Johannes Hus, som berre raadde til aa jaga
prestane ut, medan Luther eggjer fyrstane upp til ogso aa drepa
deim. Me vil gjera alt me maktar, for at keisaren skal aatvara og
formana kongen, hans maag, at han ikkje slaar inn paa den vegen,
og like eins at keisaren vil beda kongen av Ungarn set ja Luther fast.»1

At »keisaren var beden um aa skriva til kongen av Danmark, at
han ikkje maatte taka imot restene av det Lutherske hæresi», vart
snart kjent, ogso for Luther, som i eit brev til Melanchthon 12. mai
visste aa fortelja, kor dette hadde frygda ein motstandar av
reforma-sjonen som hertog Georg av Sachsen.2 Paa den andre side heldt
ryktet um, at Luther skulde fara til Danmark, seg so mykje fastare
i den fyrste tid etter han var reist derifraa. Daa Aleander umtala
dette ryktet for keisaren, svara denne, »at han nok skal tukta
Luther, um han dreg dit, for kongen av Danmark hev skrive, at han
vil koma og møta keisaren, naar han [keisaren] kjem att til
Flandern.»3

1 Aleanders depesje, udatert, fraa Worms 29. april 1521: Johann
Friedrich, Der Reichstag zu Worms im Jahre 152z, nach den Briefen des päpstlichen
Nuntius Hieronymus Aleander (Abhandlungen der historischen Klasse der
königl. bayerischen Akademie der Wissenschaften, XI, 3), München 1870,
nr. 22, s. 138—9. —■ P. Balan, Monumenta reformationis Lutheranae, nr. 94,
s. 237-8, her uriktig tidfesta til 23. mai 1521. —Theodor Brieger, Aleander
und Luther 1521, die vervollständigten Aleander-Depeschen nebst Untersuchungen
über den Wormser Reichstag, Gotha 1884 (Quellen und Forschungen zur
Geschichte der Reformation, von Th. Brieger, I), nr. 26, s. 171—2. — Umsetjing:
Paul Kalkoff, Die Depeschen des Nuntius Aleander, nr. 22, s. 197—8. —•
Depesjen er ikkje uppteken i Acta Pontificum Danica.

2 »Gaudet Roboam Dresdensis . . . Caesarem etiam impetitum, ut Regi
Daciae scriberet, ne reliquias Lutheranae haereseos recipiat.» Enders, III,
s. 149.

3 Aleanders depesje, udatert, fraa Worms 5. mai 1521: P. Balan,
Monumenta reformationis Lutheranae, nr 80, s. 207, her uriktig tidfesta til 8. mai
1521. — Th. Brieger, Aleander und Luther 1521, nr. 27, s. 180. •— Umsetjing:
P. Kalkoff, Die Depeschen des Nuntius Aleander, nr. 23, s. 209.

Det hithøyrande stykke av depesjen er avtrykt i APD nr. 4884, men er
ber uriktig sett i hop med stykke fraa tvo andre seinare depesjer fraa Aleander

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 14:11:28 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kyrkohist/1940/0206.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free