Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Eventyr og stubbar og dyresogor - 11. Sigmund leikar med borni. Av Hans Seland
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
sa han. «Nei,» gret dei, men han skulde kje vera bjørn.
«Berre for moro?» Nei! so kunde han heller vera hest ei
stund til. Men helst maatte han fortelja eitkvart, sa
Tormod. «Kva skal eg fortelja daa?» «Fortel um kva geiti
sa daa ho kunde tala!» «Ho sa: hjelpe meg og trøyste
meg! eg bytte mine klør for klauver. Fyrr kunde eg gaa
i kvistelaust tre og frnna baade lav og lauv!» «Hadde geiti
klør fyrr ho fekk klauver?» «Ja det er mest likt til dess,
elles kunde ho vel ikkje segja soleis.»
«ICva sa bjørnen daa?»
‘Langluren, langluren vil eg inkje høyra, men
lurhor-net, lurhornet turlar i mitt øyra!»
«Kvifor vilde han inkje høyra langluren?»
«For han visste, at naar dei paa stølarne hadde set
han og so sprang burt paa fjelli og bles i langluren, so
varsla dei folket nedi bygdi, so dei kom med byrsa og skaut
etter han.»
«Fortel meir!»
«Skal me høyra um ein liten gut som hadde ein sau
og eit lite lamb?»
«Ja!»
«Lambet det var so lite, og sauen hadde kje vore
ute etter han fekk det So hadde guten set at han lengta
etter dei andre sauerne naar han stod inne aaleine um
dagarne, og s.o bad han for han, at han maatte faa sleppa
ut naar hine sauerne vart slepte um morgonen. Men mori
sa lambet var so Ute enno. Jau so tigga han ao lenge til
mori gav seg paa sitt og gjorde honorn til viljes. Men um
kvelden kom ikkje hans sau heim med dei andre. So kann
du tru guten vart rædd og trega seg! Og so ut paa leiting!»
«Var det myrkt?»
•Det tok til aa myr kna.»
»Var han ikkje rædd?»
«Jau, men han var ræddare for sauen og lambet. Og
so sprang han rundt alle stader der han kunde tenkja
sauerne hadde vore, Og myrkare vart det —»
Borni sette i aa graata.
T u r 1 a: hvirvle, kvitre.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>