Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Eventyr og stubbar og dyresogor - 11. Sigmund leikar med borni. Av Hans Seland - 12. Litle fuglen. Folkevise. Fra Bernt Støylens samling. Tegning av Gudmund Stenersen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
«De maa kje graata! Guten var kje so reint liten
heller; han hadde gjenge eit halvt a ar paa skulen. Og
han visste der var ingen ting som vilde gjera han noko
vondt. Store gutar maa aldri vera rædde nokon ting! Sjaa
um far er rædd! — So høyrde han lambelæte langt nedi
lidi. Og han ned so fort som pili. Daa hadde lambet
fare ned i eit lite hol, so det inkje kunde koma upp att
sjølv, og mori vilde ikkje gaa ifraa det. For ei mor torer
aldri gaa ifraa barnet sitt, utan ho veit det er einkvan som
ser godt etter det, og lambet er barnet til sauen, veit de.
So lyfte guten upp lambet og let det suga; — det var
so hol-svolte! — og so bar han det heim i fanget, og sauen
fylgde med attved sida. Og bækta gjorde han og bækta
gjorde lambet, so sumtid maatte guten sleppa det ned og
lata det faa suga meir. Daa han kom heim, hadde dei alt
tendra lampen for lenge sidan, og faren var ute og skulde
sjaa etter guten att! Men so ropa dei etter han. Og so
spurde guten um ikkje sauen kunde faa lov til aa vera i
høyløda um natti, so han kunde faa eta det han vilde.
«Jau,3 sa mori. «Han skulde havt eitkvart godt aa drikka
og!» sa guten. Og so laga dei til noko godt i ei bytta
og sette inn til han. Men dagen etter gjekk guten og saag
um han stødt!»
12. Litle fuglen.
Litle fuglen sette seg paa kyrkjespong,
Gud raade!
Han song so fager ein ottesong.
Herre Gud sende oss sin naade!
Litle fuglen sette seg paa kyrkjespong,
Gud raade!
Og presten han undrast paa den litle fuglesong
Herre Gud sende oss sin naade!
Litle fuglen sette seg paa kyrkjegaatt.
Gud raade!
Han song so fagert um stort og smaatt.
Herre Gud sende oss sin naade!
Spong: plate, tverbaand, bindestok. — Gaatt: fals i dørkarmen
dørstok.
-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>