Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Eventyr og stubbar og dyresogor - 14. Ferdi til Amerika. Av Kristen Stalleland. Tegning av G. Wentzel
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Del dilta framum ein stein. Nei, aa nei daa! —
det hoppa ein liare-unge burt-etter vollen. Han hadde vel
sete Innmed steinen, han, og tenkt paa fred og ingen faare,
daa bomi kom setjande; men no huska han i veg, det vesle
han orka, og gøyrnde seg under ein liten vier-runn.
Hallvard etter med nevarne sine. Kunde han faa teke
hare-ungen, vilde han byggja eit lite hus aat honom og
læra honom upp til aa fylgja vesle Hallvard som ein hund.
Nei du! — der sit han og lcnrer under runnen, med
ho-vudet ned i bogen og øyro flate i ryggen. Ørende still sit han,
ikkje so mykje som blunkar. Hallvard tøygjer nevarne so
vaiieg burtetter — berre ein fot til, so naar han i
rove-stubben — nei, der smett haren undan og vippar av stad.
Hallvard piltar etter. Slikt gjeng det i jag fraa runn til
runn, fraa stein til stein, fraa lyngtuva til lyngtuva. Men
den som ingen hare fekk, det var Hallvard.
«Datta!» sa Gunnhild, «hjelpe oss, me gløymer Datta!»
— «Aa ja ja, no lyt me nok nøyta oss!» meinte Hallvard.
Og so sprang dei heim i laaven og saag ned i løda.
Kvar var Datta? Dei glaapte og dei leita rundt heile løda.
«Datta! Datta!» sa dei. Inkje svar. «Datta! Datta!»
ropa dei, og det so høgt dei kunde. Nei, aldri ein knett
aa høyra. Datta fann dei ingen stad. Dei vart so rædde,
so rædde!
Og so sprang dei ut i marki og sa det aat mor og far.
Men far vart kvit som krit i andlitet av rædsla, og sette
heim i ein fart so fæl. Han hugsa at det var stygge holor
innmed høystaden i alle krærne. Han hadde so tidt smøygt
seg ned i deim, med føterne fyre, daa han var liten. Ho
hadde vel stupt ned i eitkvart holet, arme tinget, og laag der
og vilde kjøvast! Berre han kom tidsnok til aa berga henne!
Etter sprang ho mor. Føterne vilde snaudt bera, so
tok rædsla henne. Ho tenkte paa brunnen og tjørni, ho.
So kom Hallvard og Gunnhild og guten og gjentorne
— heim for dei, den eine snøggare enn den andre.
Kura: sitte stille og sammenkrøpet. — Nøyta seg: skynde Rig.
— Knett: et litet knald, — Høy-staden: høi-rummet i laden. —
Krær, av kraa: krok, vraa — Kjøvast: kvæles. — Hunn: busk.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>