- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 2 /
23

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Eventyr og stubbar og dyresogor - 14. Ferdi til Amerika. Av Kristen Stalleland. Tegning av G. Wentzel

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han far kasta seg upp i loda og trivla og kjende ned
i alle krær so langt han naadde. «Aa, der dreg eg mi eigi
vesle Datta upp livlaus!» tenkte han i kvar stundi. «Aa, at
eg daa skulde ganga ifraa deg soleis! Og dei srnaa nauti,
som ikkje saag betre etter deg! Mitt eige stakars barn!»
Og lian grov og leita i høyet. Men han fann henne ikkje.

«Gullet mitt, kvar kann ho vera!» tenkte han.

Han ser upp paa briki. Ho var høg. Aldri kunde den
vesle tasla ha kome yver og upp. Ho maatte vera i løda.
Og han grov upp høyet i alle hyrnor, og tenkte i kvar
stundi at her laag ho kjøvd. Men ho laag der ikkje. Hadde
ho stupt paa hovudet ned-i, so sparka ho vel og grov seg
lenger og lenger ned, og det var mest like holt heilt til
botnen. Han kasta høyet upp og grov av livs magt, til han
godtsom kunde trivla ned paa tiljorne. Men nei, ho var
der ikkje. Ho maatte ha kravla upp or, likevel. Gud
skje lov! —

Men ho mor hadde sprunge beint til brunnen. Ho fekk
so ilt for bringa; for brunn-loket stod uppe. Guten hadde
gløymt aa leggja det paa, daa han brynnte hesten. Og den
tasla, som var so leid til aa liggja og glytta ned i den stygge
brunnen! Guten kom med ein hake, skulde sokna. «Aa,
eg arme, arme mor, som ikkje ser etter mitt eige barn! Der
dreg han kann henda det vesle gullet mitt upp lik! Aa,
eg arme mor!» tenkte ho og vreid henderne i
hugverk. Men guten sokna og sokna. Nei, han kunde ingen
ting finna, sa han. «Aa, Gud skje lov og takk!» sa ho mor
og drog ein lang og lettande sukk.

Medan var Hallvard og Gunnhild reint hug-sprengde.
Dei berre stod der og gjekk der att og fram fraa laaven
til brunnen. Gret gjorde dei paa vegen, men naar dei saag
paa leitiugi eller sokningi, heldt dei upp; for dei var so
rædde. Aa. kor hardt dei trega paa at dei skulde hugsa
dei tri jordbæri og tulla seg burt soleis! No kunde det

Trivla: kjende etter, famle. — Tasla: liten, svak jent-unge. —
Hyrua: krok, hjerne. — Hol: tom, hul. — Tilja: fjæl, planke i gulv.

— Brynna; gi vand. — Hugverk: bekymring. — Hugsprengd:
fortvilet. — Trega: sørge, angre.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:12:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/2/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free