- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 2 /
31

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Eventyr og stubbar og dyresogor - 21. Reinsdyret paa Vaamur. Av John Lie

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

forbaud honom aa elta eller skjota dyr paa deira grunn.
Det hjelpte inkje; han stal seg til aa myrda deim.
Verst var det at han skam skaut so mange; for han hadde
klén byrsa, og var ein vinglesbyttar. Um vinteren naar
det hadde liome stor snø, laus og djup, daa leid dyri fælt;
ban for med letto paa ski, og dei vassa_ tungt, so det gjekk
jamt med ryggen.

Det kunde leita deim so blodet sprang i nasa og augo,
sa folk.

Ein gong elte han eit dyr i tri jamdøger — og den
eltingi gjeng det ord um endaa. Det var djup, laus nysnø,
dyret var skamskote, men sprang for livet. Vaamur beiter
eit fjell som stuper fleire lmndrad fot bratt ned i
Fyres-vatnet. Dyret sprang difc til slutt; daa det kom fram paa
floget, la det seg paa kne og traa-rauta upp mot himmelen.
So stupte det seg utfyre, og ingen saag det meir. Folk
fraa hi sida høyrde rautingi, og saag det stupte seg utyver,
for vatnet er smalt her. Daa Mikkel kom til Nordgarden
og fortalde det, tok mannen og gav honom hogg, og det
var han ærleg verd.

Fraa den dag var det klént med Mikkel. Han fekk
ein ulidande klaae og saarke yver heile kroppen. Og so
skalv han slik at dei maatte mata honom. Det var
dyr-skjelven. Han kom paa legd, og folk maatte klaa honom
eit par gonger um dagen med kardar, og hadde stort bry
av honom. Det var folketru og tale at dette kom yver
Mikkel skjotar for han hadde vore so hjartehard og plaga
dei arme dyri so.

Reinsdyri kom burt og ved den tid, og det sa folk
var for dei ikkje fekk vera i fred.

Leita: ta pa», anstrenge. — Flog: stupbrat fjeld, —
Traa-rauta: brøle vedholdende. -— Saarke: ntslæt. — Dyrskjelven
er ellers den skjælving man ban faa av spændingen ;naar man skal skyte
et dyr.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:12:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/2/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free