Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Eventyr og stubbar og dyresogor - 26. Lykkeros og Ragna. Av John Lie - 27. Eit uppset. Av A. O. Vinje - 28. Skrubben. Av John Lie
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
No hevde det heppe, sa han med seg sjølv, at Ragna
ikkje er heime, elles hadde det kje vore raad med det,
Dei reiste med kui; ho traa-rauta ende mot himmelen,
so det var syrgjelegt aa høyra. Han snudde seg burt, heldt
for øyro og gret.
Um kvelden kom Ragna heim, og vart mest ifraa seg.
«Kui skal ikkje reisa i drifti, eg maa faa ho att, um
eg skal taka klædi av kroppen til aa løysa henne med.»
Ragna tok ut, naadde drifti paa Heggtveit og sa
æren-di si.
Dei vilde ikkje lata ho faa att kui, alt ho bad.
Lykke-ros la hovudet sitt paa armen hennar, og dei saag skilleg
ho gret, so store taaror trilla etter kinni.
Daa sprette Ragna ei gild lauvsylgja or bringa si og
gav handlaren.
«Den skal du ha attpaa, vil du lata meg faa kui.»
«Ja, reis med henne,» sa handlaren. .
Ragna og Lykkeros fylgdest daa heim, og glade var
baae.
27. Eit uppset.
Orren og lom en og gauken,
dei fuglar tri
— eg høyrde det justav hauken
i ungdomstid —
eit uppset dei munde gjera
alt um ei ku,
inn den som fyrst kunde vera
fraa seng og bu.
Den gauken var tidleg vaken,
det maa du tru,
og gol som du høy rer maken:
«Mi ku, mi ku!»
So orren spratt upp som tirra,
paa topp han for,
og gol so i skog det dirra;
«Grjer rett, min bror!»
Men lomen forsov seg, arme,
i varme bu;
sist kom han og gol i harme:
«A—u, a—u!»
28. Skrubben.
Skrubbame var reint fæle eit bil.
Det hende dei samla seg i hop heile flokkarne og elte
folk, so det var paa livet aa fara etter vegarne.
Uppset: veddemaal.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>