- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 2 /
36

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Eventyr og stubbar og dyresogor - 29. Kvitfeld. Av John Lie

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Daa truga bestemor lian med staven. Han stod i døri,
togg høy so skjegget riste, og saag vel verd og likesæl ned
paa henne og mekra so smaatt. «Eg skal gjeva deg, eg,
ditt udyr du er! Berre kom ned att, so.»

Det vart ikkje stort av. Naar gamla vilde slaa, gjorde
han eit rundkast, og var langt burte i bakken fyrr ho fekk
smitt seg. Eller og hende det at han slo att, so gamla
rulla i tunet. Daa skjellte ho; men Ivvitfeld stod med eit
skjelmslegt drag i augo; det var plent som han moroa
seg yver det at bestemor laag der fumla og hadde vondt
for aa koma paa føterne att.

Tobaken hans Olav Moen aat han upp ein gong i
heidi, so me maatte ei mil heim i bygdi og faa att; for
Olav kunde ikkje vera til utan tobak, veit du. Kvitfeld var
spræk; men ein gong rulla han likevel. Det bar so til,
at han var komen inn i budi, med hjuringgjenta var etter
ved i middags-kvildi. Ho kom ruslande med byrdi og høyrde
slikt styr i budi. Tru det hev kome folk? tenkte ho. «Aa
er det kje styggebeistet,» sa ho; «men eg skal gjeva deg!»
Ho sette i eit fælt skrik, so Kvitfeld kvakk og rulla paa
hovudet ned i ei stor primgryta som stod der. Til ali
lukka var det kje heitt, so Kvitfeld nauva kje noko. Men
han saag ut! Hovud og skjegg var prim-maala, so det
sil-rann av han. Han kom seg fort upp og ut, men inkje
fyrr han hadde fenge eit par gode drag yver ryggen av
hjuringstaven hennar Aashild. Ho fortalde at han inkje
saag paa henne og inkje vilde ha salt paa fleire dagar.
Naar ho kalla og lokka, saag han til sides; det var som
han skjemdest for det, at han var so usvim paa føterne at
han datt ned i primgryta.

Jau dei hev ærekjensla og skjemmest, dyri og, det kann
dn lita paa, — berre sjaa etter.

Togg. av tyggja. — Veiverd: selvgod. — Fumla: famle. —
Nauva: lide mén. — Usvim: tung, seufør.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:12:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/2/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free