Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III. Alvor og skjemt - 44. Skyer for soli. Av Kristen Stalleland
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Grisen stend og st)’n og sturer som lian var sprengd.
Kva hev de gjort ved honom?»
«Me hev berre ført noko subb ned paa honom,» sa
Hallvard, og so laut han fortelja alt sainan.
Grisen var mest ende paa, trudde ho mor. Han lest
aldri sjaa maten ho gav honom, men stod berre og sturde;
stunde litt daa og daa; stundom for det som ein rykk
gjenom honom. Det skulde so lite til med griseu, sa mor.
Han kunde sluka eit bein i lunga naar han glefste i seg
maten for fort, og liggja daud av det. Han kunde rispa
seg paa ein nadd eller ein s pi kar; det grodde so seint att.
Han kunde for-elta seg, so han laag daud av det og.
«Ligg grisen daud av dette?» spurde Hallvard ottefull.
«Yeit ikkje,» sa mor; «kanskje stend han det.»
«Mor!» bad Hallvard med graaten i halsen, «vil du
segja det for far?»
Ja det var ho nøydd til.
«Eær me hogg daa?» spurde Hallvard, og augo hans
bad, so ho mor kjende det inst i bringa.
«Eg veit ikkje kva far vil gjera med dykk. Men hogg
var de verde.» Ho laut vera streng denne gongen, totte ho.
Hallvard og Gunnhild gjekk inn i stova og sette seg
kvar i si kraa og sturde. Kor fort verdi kann snu vranga
til! — Naar no far kjem heim or skogen — aa ja ja! —
so stend vel grisen og styn — kanskje er han alt daud
daa; Hallvard og Gunnhild er skuld i det, og far vert vond,
fælt vond — kjem med riset i neven — tek deim ein for ein
— slæv hardt! — Aa ja ja! kvar skal dei gjera av seg, tru?
Var det ingen utveg? tenkte Hallvard. Roma paa
skogen ? Eller taka langt, langt av stad — til Amerika
kanskje? Nei so fær han med eitt ei liti von. Grisen
kunde gjerne verta god att til han far var ventande.
Ho mor kom nett or fjøset. Hallvard tusla ut i kjøken
til henne.
«Er ikkje grisen god att 110, mor?» spurde han
grøte-leg i maalet.
Styn: stønner. — Nadd: spids, tagg.— Forelta: drive for sterkt.
— Ottefull: ængstelig. — Hogg: pryl eller strftf. — Grøte]eg:
begrredelig.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>