- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 2 /
69

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III. Alvor og skjemt - 44. Skyer for soli. Av Kristen Stalleland - 45. Um morgon tidleg. Av Ingvar Bøhn. Efter Grundtvig

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Nei, han sturer som fyrr,» sa ho. Mor hadde rett
vondt, av guten sin; raen ho sa det ikkje.

Hallvard grov seg inn att i stova. No miste han alle
voner um berging. Dei mælte aldri eit ord. Det var so
stillt at det var mest uraad aa vera inne. Men røma ut
kunde lite hjelpa.

Hallvard hadde aldri fyrr fenge hogg; mor hadde rist
honom, og far hadde klemt honom i armen berre. Men
no daa dei hadde skam-elt grisen, og kanskje gjort ende
paa honom med, no var det greidt dei fekk hogg.

Han tok ei bilætbok og bladde i, men tenkte berre
paa grisen og paa far, som vilde gje honom hogg.

Gunnhild tok det lettare; ho kunde daa binda paa
sokken sin, ho.

Det tok til aa skumast. No kom snart far. Kvar
minutt var som ein time. Hallvard glaapte ut alt i eitt —
venta og venta paa det verste — venta paa dc-tte fæle som
lian aldri fyrr hadde fenge.

Der var far! Aa han visste det alt, det kunde dei
sjaa paa honom. Han gjekk onnorleis enn vanleg; han
hadde eit kast paa- aksb som inkje var for det gode, og
daa han kom framum glaset, saag han so morskt inn i
stova at Hallvard aldri glemnde det.

Han tek i døri, kjem inn, stig vyrdeleg yver golvet,
tok so Hallvard i herdarne og riste og skok honom: «Du
hev skam-elt grisen!» — «Ja.»

«Vil du lova at du aldri gjerer slikt meir?»

«Ja,» sa Hallvard og hikstegret.

So snudde han seg til Gunnhild. «Du vil vel ikkje
gjera slikt meir, du heller ?»

Nei, det vilde ho aldri, sa ho og gret, ho med.

«Lat no sjaa de minnest dette!» sa han.

45 Um morgon tidleg.

Den nye stevtonen.

Um morgon tidleg me Gud vil lova,
for han hev lært oss so trygt aa sova

Stam-elta: jage stygt. — Skumast: morkne. — Glaapte
stirret, — Skok: av skaka, riste.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:12:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/2/0069.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free