- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 2 /
124

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV. Fra hav og strand - 69. Fiskaren aat sonen sin. Av Kristofer Janson - 70. Havtor Holmen fortel um makrelfisket. Av Anders Hovden. Med billede av Th. Holmboe

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og er du ikkje god aa

sjaa

for berre skum og skvett,
so byr ja paa ein salme daa,
og ro so blodet sprett;

men spring eit bord, og sjoen
velt

inn paa deg blaa og kald,
so bøyg deg yver tofta ned
og gjev deg Gud i vald!

70. Havior Holmen fortel um makrelfisket.

Han sit framfor meg kerdebreid og rakryggja, med det
stride raude skjegget fløymande ned-yver bringa. Han er
sytti aar; men ikkje eit haar er graana, og augo tirer so
unge fram or det rukkute andlitet med dei livsrøynde dragi.
Eg hev ei kjensla av at eg sit hjaa ein fagnamann. Eg
ser honom vyrdsamt i augo, han tinar upp som eit barn, og
me vert straks gode bussar. Han vil gjerne slaa av ein
prat, Havtor; og naar han fyrst er komen paa ræs, ’so hev
han ikkje lett for aa stogga. Men lat honom faa ordet
sjølv, gamlingen:

«IJm eg hev drive etter makrel? Eg skulde so tru —
ja i heile tretti aar. Det var nok hardt stundom, men
likevel hugnadsamt for det meste. Ein driv det paa den
ljosaste tidi av aaret, veit du, og daa er det ikkje ublidt aa
ferdast paa havet. Me sigler ut um ettermiddagen, naar
véret er til det, og fer paa lag ei tvo mil utpaa, og so legg
me oss til der um natti aa driva, med garnleltkja etter oss.
Og ein fagnad er det vel naar me daa dreg inn, og den
blanke fisken baskar og skvalar ikring oss. Daa sigler me
fegne inn att um morgonen. Men lurer stormen seg braatt
paa oss, maa me kappa av lekkja og lata etter oss baade
vegn og velferd. Slikt hender ikkje so sjeldan; men det er
no ikkje annarleis paa sjøen, maa vita. I lange
sjøvérs-bolkar vert det ikkje skikkeleg svevn. av, anna um
sundagen, og ein gjeng svimren og trøytt so ein vil dusa.

God a» sjaa: i stand til at se. — Ti ra: straale, tindre. —
Kukknt: fuld av rynker. — Røyna: prove. — Fagnamann; gild
mand, hædersmand. — Vyrdsamt: ærbødig. — Tina: tø. — Ræs:
raas, gang. — G a rnl e k kj a: række av garn som er bandet sammen, —
Fagnad: glæde, liygge. — Skvalar: plasker. — Fegen: glad,
lykkelig. — Vegn: redskap. — Bolk: stykke, avsnit. — Dnsa: stupe.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:12:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/2/0124.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free