- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 2 /
126

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV. Fra hav og strand - 70. Havtor Holmen fortel um makrelfisket. Av Anders Hovden. Med billede av Th. Holmboe

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

dorga lian langsmed Farsundsbryggja og faa i hundradvis
berre paa ei liti ykt.

Nei, eg minnest ein kveld her ut for Listeland, me stod
utyver havet ei mengd med baatar og skulde ut og driva
etter han. Men so kjem svartestilla paa oss, og sjøen legg
seg so blank som ei glasruta; og me rikka oss inkje av
flekken; seglet laag berre blakra og slo, og me kunde soleis
ikkje naa ut paa fiskeplassarne. Det er ikkje stygt paa
havet ein slik kveld. Himmelen var i ein einaste brand av
solskyer, og det roda i alle segli burt-etter den blaa flata.
Me vilde kje vera ved di, men me var aat og saag og glodde
ikring oss baade ein og hin. Men so meiner eg det, eg:
eMe er ikkje farne ut her for aa glana i lufti, karar. Lat
oss kasta ut ei garnlekkja, sidan me no ligg her og driv
likevel.» Me so gjorde. Me kunde grant skilja kyrne
inn-paa strandi; lenger utpaa var me kje, so fiskevoni vaar
var ikkje stor. No rak baaten vaar med straumen, og
enden av garnlekkja dreiv upp i fjøresteinarne paa Rauna,
like upp i humarteinorne. Me maatte draga inn. Men
daa kann du tru det bragla og blenkte rundt um oss.
Daa me hadde drege tvo garn, var me lasta, og maatte
flagga til dei andre baatarne etter hjelp. Me fekk 7 000
makrel. — —

So var det ein gong me laag her, makrelbaatarne, utfor
Lista og kryssa. Frisk vind og drjug sjø. Soli tytte
nettupp med bringa ned i blaamyri og slo ut med vengjeme, paa
lag som ein fugl naar han skal setja seg, og inn-yver havet
dansa geislarne som logande sverd. Ja, der laag me no
og bauta og kopte paa véret. Rolv Øyri og eg, me styrer
beint mot einannan — berre soleis for gaman daa, skynar
du. — D’er nok min børt aa vika, naar rett skal vera,
og eg ropar yver til honom: «Stend du paa din rett,
granne?» — «G-jer so,» svar ar han. Eg ber av, men me
sigler einannan so nær at me gjerne kunde nevetakast,

Ykt eller øvkt: stund, arbeidsstund.— Blakra: blafre. — R6da:
rødme. — Vera aat: vajre i fa?rd med. — Reka: drive. — Bragla:
glitre. — Tytta: røre ved, trade let nedpaa. — Blaamyri: havet(brokt
mest i spøk). — Geisle: straale. — Bort: tur.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:12:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/2/0126.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free