- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 2 /
133

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV. Fra hav og strand - 73. Leidulv los. Av Anders Hovden

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

meg Inn-etter. Det er sumarsdag og paalandsvind, og knapt
ein kalv fjordung til lands. Eg kann so vidt timja skorsteinen
av huset mitt bak haugen. Der er heimen med kona og born
og lut og lunnar. Dauden skal ikkje faa rana det f raa meg
soleis midt framfor augo paa meg.

Um der var baat aa sjaa? Inkje meir enn i Noas dagar
Det plar jamt vera so rangsnutt. Men maase var der; det var
leven og læta ikring meg som naar du er paa eit fesjaa. Folk
maatte tru det var sildi som gjorde innsig. Eit par nisor
duk-kar ender og gong upp attmed meg; dei tykkjer visst ikkje eg
er ramare symjaren. Eg ser ein storkobb au burtpaa baara.
«Bi no,» tenkjer eg, «du skal nok ha det ein annan gong.»
Men eg vert trøytt, eg hadde fulla teke det for hardt i
fyrst-ningi; og daa det berre er so eit skotmaal til lands, er
eg halvt visen, og kjenner av og til krampe-rykk i vinstre
foten. Det var aari som berga meg likevel; eg flaut paa
henne og naadde soleis strandi.» — — *

Ein annan gong eg ser til honom, er han betre og sit
paa sengi med klædi paa. Han fortel um sitt los-liv:

«Ofte kryssa eg der ute i rok og f ok. — Leidulv greider
det ikkje i dag, sa folk. — Men Leidulv greidde det alltid.
Naar eg i myrkret knapt saag neve framfor nasa, styrde eg
etter ljoden fraa fall og skjer; for dei hev kvar sitt maal
og sin sereigne tone alle, maa vita.

Eg liugsar ein gong me ser skip med naudflagg, og
losarne stend i strandi og evar seg; for sjøen er drjug,
Einar, son min, stend der millom oss: «Me vaagar det,
far,» segjer lian — «me vaagar det,» segjer Einar, son
min, og han set eit andlit upp i véret som ein knyttneve.
Det var karen som inkje kulsa paa sjøen; han var radt
som ein liavmaase. No veit du eg kunde ikkje fira for
min eigen son, og dermed legg me tvo sellarne ut, og
baaten skyt fagnaleg fart. Skipet brasar bakk; men det er
Timja: skimte, øine. — Ltit og lunnar: hiuneude, bekvcmmelig.
heter, tilliggende herligheter, — Kangsnutt: paa tvert. — Læta: lyd.

— Fésjna: dyreskue. — Ender og gong: av og (il. — Fall:
grund-brot. — Ram: sterk, dygtig. — Visen: valen føleslos. — Eva seg:
om ran de sig, tvile. — Kulsa: fryse, grosse. — Fira: gi ve efter. —
Sellar: Karer, — Fagnaleg: dygtig. — Brasa bakk: sætte seilene
med fremsiden mot vinden.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:12:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/2/0133.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free