Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V. Fra sagaen - Aasbjørn Sigurdson og Tore Sel. Fra «Heims-kringla». Efter Steinar Schjøtt - 78. Aasbjørn vil kjøpa korn
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ved Agvaldsnes. Det ligg ein stor gard eit lite stykke uppaa
oyi Kormt som lieiter Agvaldsnes; der var det kongsgård,
og ein gild gard, som Tore Sel, aarmannen til.kong Olav,
dreiv. Tore var av laag ætt, men han hadde teke seg godt
fram og var hard til aa arbeida, og klok i ordi og mykje
for stas; han vilde gjerne koma seg upp i høgdi, og vægde
aldri, og dette kunde gaa for seg no han fekk hjelp av
kongen; snarmælt var han og, og framtalande. Der laag
Aasbjorn og mennerne hans um natti. Men ura morgonen,
daa det var ljost, gjekk Tore ned til skipet med nokre mann,
og spurde um kven som forde dette staselege skipet.
Aas-bjørn neinnde sitt og far sins namn. Tore spurde kor langt
han skulde, og kva ærend han hadde. Aasbjorn sa at han
vilde kjøpa seg korn og malt, og sa, som sant var, at det
var uaar nord i landet; «men dei hev sagt oss at det er
gode aaringar her,» sa han. «Vil du, bonde, selja oss korn?»
Tore svarar: «Eg kann segja deg det, at du gjerne kann
snn her og ikkje fara lenger. For du f ær nok ikkje korn
irørkje her eller andre stader, av di kongen forbyd aa selja
korn her-ifraa nord i landet. Far heim, du haaløygen! det
er det beste for deg.» Aasbjorn svarar: «Er det so som
du segjer, bonde, at me ikkje kann faa kjøpt korn, so vert
ærendi mi so mykje som aa vitja skyldfolket mitt paa Sole
og lyda innuin til Erling, frenden min.» Tore segjer: «Kor
mykje er du skyld til Erling?» «Mor mi er syster hans,»
svara han. Tore segjer: «Daa kann det henda eg hev tala
uvarleg, um du er systerson til Eygjekongen» Deretter slo
Aasbjorn og mennerne hans tjeldi ned og snudde skipet ut.
Tore ropte til deim: «Far vel daa, og kom innum her naar
de er paa heimferdi!» Dette lova Asbjørn, og dermed for
dei sin veg, og kom um kvelden til Jaren.
Kormt: «Karmøen».— Asrmann; ombudsmanå(skattekravero. a.).
— Vægja: vike, gi efter. — Framtalande: aapenhjertet —
Haaløyg: helgelænding. — Vitja: besøke. — Skyldfolk: slegt
ninger. — Hygjekongen (konge for rygjcrne, folk paa Rogaland eller
Ryfylke og der omkring) er Erling Bkjatgsson kaldt for spok eller til
spot, fordi lian hadde saa stor nmgt der. — Tjeld: telt paa skibet.
— Jaren eller Jæren.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>