Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V. Fra sagaen - Aasbjørn Sigurdson og Tore Sel. Fra «Heims-kringla». Efter Steinar Schjøtt - 79. Hjaa Erling Skjalgson - 80. Tore Sel lèt rydja skipet for Aasbjørn
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
79. Hjaa Erling Skjalgsson.
Aasbjørn gjekk i land med ti mann, og dei andve ti
vakta paa skipet. Daa Aasbjørn kom til garden, vart han godt
mot-teken, og Erling var blid med honom. Erling sette
honom attmed seg, og spurde’ um mykje nytt nordantil landet.
Aasbjorn fortalde honom ende ut um ærendi si; men Erling
svara at det høvde seg ikkje godt, daa kongen forbaud aa
selja korn. Aasbjørn segjer: «Seint fær ein sanningi høyra.
I ungdomen min hev dei lært meg at mor mi var fribori i
alle ætter, og at Erling paa Sole no var den gjævaste av
frendarne hennar. Men no høyrer eg du segjer at du ikkje
er so fri for kongens trælar her paa Jaren at du kann
gjera med kornet ditt som du vil.» Erling saag paa honom
og gliste ved og sa: «De haaløygjerne kjenner mindre til
kongens magt enn me ry gjerne; du veg nok ikkje ordi naar
du er heime, og det ligg til ætti. Lat oss no drikka fyrst,
frende, so skal me sjaa i morgon kva me kann gjera med
ærendi di.» Dei so gjorde, og var lystige um kvelden.
Dagen etter talast Erling og Aasbjørn ved, og Erling sa:
«Eg hev funne paa ein utveg med kornkjopet ditt, Aasbjørn;
men er du mykje vand um kven du kjoper av?» Han sa
at det brydde han seg aldri um, kven han kjøpte kornet av,
naar han fekk full eigedoms-rett. Erling sa: «Det er
ventelegt at trælarne mine hev so mykje korn at du vert
berga; dei er ikkje under lov og landsrett som andre folk.»
Aasbjørn sa at han tok imot dette. Dei tala med trælarne
um dette kjøpet, og dei henta korn og malt og seide til
Aasbjørn, so han ladde skipet sitt so mykje han vilde. Daa
han var buen til aa fara, fylgde Erling honom ut med
vene-gaavor, og dei skildest i kjærleik.
80. Tore Sel let rytlja skipet for Aasbjørn.
Aasbjørn fekk god vind og la aat um kvelden i
Karmt-sund ved Agvaldsnes, og var der um natti. Tore Sel fekk
straks spurlag paa ferdi hans Aasbjørn, og at skipet haus
Tar sokk-ladt. Tore stemnde folk til seg um natti, so han
E il d e ut: bent frem. — Glisa: trækfce paa smilet. — Vand
um: vanskelig paa det. — Buen: færdig.
Rol/sin Læsebok lor folkeskolen. II, ■ Rikamaalsutgave*. 10
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>