Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V. Fra sagaen - Aasbjørn Sigurdson og Tore Sel. Fra «Heims-kringla». Efter Steinar Schjøtt - 80. Tore Sel lèt rydja skipet for Aasbjørn
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
hadde seksti mann fyre dag. Han gjekk til Aasbjørn fyrr
det var retteleg ljosfc, og gjekk straks ut paa skipet. Aasbjørn
og mannskapet hans hadde klædt paa seg alt, og Aasbjørn
helsa paa Tore. Tore spurde kva slag farm Aasbjørn hadde
paa skipet. Han sa det var korn og malt. Tore sa: «Daa
gjer nok Erling som han plar, at lian agtar alle kongens
ord for tøv, og endaa er han ikkje leid av aa vera
mot-standaren hans i alle ting. Det er eit under at kongen
lét honom faa gjera alt han vil.» Tore gav mykje vondt
ifraa seg ei stund; men daa han tagde seg, sa Aasbjørn
at dette kornet hadde trælarne hans Erling aatt. Tore
svara radt, at han agta ikkje prettorne hans Aasbjørn og
Erling; «do er det ikkje anna fyre, Aasbjørn, enn at de
gjeng i land, eller so kastar me dykk yver bord; for me
vil ikkje ha dykk i vegen her med me lossar skipet.»
Aasbjørn saag at han hadde ikkje folk nok mot Tore, og
Aasbjørn og mannskapet hans gjekk i land, men Tore lét
f ly tja heile farmen fraa skipet. Daa skipet var lossa, gjekk
Tore langs etter skipet og sa: «Det var eit overlag godt
segl dei hev, disse haaltiygjerne. Tak det gamle seglet som
høy rer til førsleskuta vaar, og lat deim faa; det er fullgodt
aat deim, som sigler paa lett kjøl.» Dei so gjorde, og bytte
segl. Soleis for no Aasbjørn og mannskapet hans sin veg
og stemnde nord-etter langs landet, og st ana ikkje fyrr han
kom heim fyrst paa vintren, og det gjekk ord av denne
ferdi. No slapp daa Aasbjørn aa bry seg med aa stella til
gjestebod den vintren. Heller ikkje f6r han til gjestebods
daa Tore Hund baud honom til seg, og difor gjorde Tore
narr av honom og sa: «Ein kan merka paa Aasbjørn at
hån gjer stor skilnad paa frendarne sine; han møddest fælt
for aa lyda innum til Erling paa Jaren i sutnar, men no
vil han ikkje koma til næste huset til meg. Eg veit ikkje
um han trur han kann raaka ein Sel-Tore paa kvar holme.»
Aasbjørn var ille nøgd med ferdi si, og endaa mindre likte
han seg, naar han høyrde at det slik vart til laatt og løgje*
Farm: ladning. — Tagde, av tegjn: tie. — Pretta: knep.
— Mødast: gjøre sig umak. — Laatt: latter. — Løgje: løier.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>